Nonnekloppen er opna

Den nye, knallraude gang- og sykkelbrua mellom Amalie Skram videregående skole og Bergen Brannstasjon er offisielt opna. Den har fått namnet Nonnekloppen, er 72 meter lang og har kosta 60 millionar kroner.

Brua er ein del av gang- og sykkelvegen rundt Store Lungegårdsvann. Den vart offisielt opna av byråd Anna Elisa Tryti på fredag.

Opninga fann stad framføre Amalie Skram videregående skole, ut mot vatnet, ved at elevar på bysyklar i kortesje sykla over brua. Bergen Brandkorps Musikkorps underheldt. Avdelingsdirektør Grethe Vikane i Statens vegvesen ønskte velkommen.

nonnekloppen by night.jpg

BY NIGHT: Brua er òg vakker på innsida. (Foto: Einar Grieg)

Namnekonkurranse

Brua går over kanalen mellom brannstasjonen og AdO-arena/Amalie Skram videregående skole. Den er seks meter brei, der tre meter er gangbane og 2,6 meter er sykkelveg. I tillegg omfattar prosjektet veglys, samt opparbeiding av plassen framføre skulen.

Namnet Nonnekloppen er resultat av namnekonkurranse. Totalt vart 558 namn (379 unike) føreslege av 302 forslagsstillarar. Juryen valde forslaget til Odd Roar Aalborg frå Lonevåg.

Bakgrunnen for namnet er Florida sjukehus som vart drive av nonner. Juryen seier at namnet heidrar kvinner og er likt på både nynorsk og bokmål. Ordet «klopp» tyder «liten bru».

Ein del av Miljøløftet

Prosjektet er finansiert gjennom Miljøløftet som er eit samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune, Bergen kommune, Statens vegvesen og Jernbanedirektoratet.

Miljøløftet er eit samleomgrep for byvekstavtalen i Bergen, som omfattar vidare utbygging av Bybanen, betre busstilbod, utbygging av gang- og sykkelvegar og betre og tryggare vegar. Dei komande 20 åra er det planlagt investeringar for over 29 milliardar kroner. Miljøløftet er ei vidareføring av Bergensprogrammet.