Nei til kantstopp på fylkesvegar

Når det skal etablerast nye busstopp på fylkesvegar i Hordaland, er det som hovudregel ordinære busslommer skal som nyttast. Det vedtok fylkesutvalet 6. desember.

Ved oppgradering av eksisterande busslommer skal ikkje kantstopp nyttast.

Forslaget som vart sett fram av Terje Søviknes (FrP9 vart vedteke med 11 mot fire røyster. Dei elleve som røysta for var Høgre (3), Fremskrittspartiet (2), Kristeleg folkeparti (2), Senterpartiet (1), Venstre (1) og Arbeidarpartiet (2). Dei fire som røysta imot forslaget var Arbeidarpartiet (3) og Sosialistisk Venstreparti (1).

Kantstopp har vore i bruk i mange år og er mellom anna forankra i kollektivstrategien for Hordaland som vart vedteke i 2014.

Spørsmål om kantstopp har vore handsama politisk ved fleire høve i 2018, mellom anna av fylkestinget i mars, der innbyggarinitiativet på Kråkenes om tilbakeføring av kantstopp til lomme vart handsama.