Nærmar seg tusen karrieresamtalar

– Målet er å gjennomføre tusen karriererettleiingssamtalar i år. Dette ser vi ut til å klare alt no i oktober. Men vi har plass til fleire, seier Kjell Helge Kleppestø, leiar av Karriere Hordaland.

Med åtte karriererettleiarar fordelt på tre karrieresentre i Bergen, Sunnhordland og Nordhordland er Karriere Hordaland oppe og går for full maskin. Tilbodet i karriererettleiing er for hordalendingar over 19 år som har spørsmål om yrke og utdanning.

– Vi ønskjer å bidra til at folk blir bevisst sine styrkar og kompetanse. Dette inneber å finne ut kva ein kan trivast med og sjå dette i samanheng med moglegheiter i arbeidslivet, seier Kleppestø.

Han understrekar at dette ikkje er nokon quick fix der rettleiarane sit med svara. Det er ein prosess der folk får ein sparringspartnar som kan bidra til at dei finn sine vegar.

Stor breidde

– Terskelen er låg for å ta kontakt og vi er enkle å nå. Målet er å nå vaksne generelt - folk i jobb, utanfor jobb, alle!, seier Kleppestø. Om lag 1000 karrieresamtalar – fordelt på omkring 500 personar er gjennomført til no i år.

Alle som kontaktar Karriere Hordaland får tilbod om mellom ein og tre samtalar, men behovet varierer stort. Kleppestø melder om mange gode tilbakemeldinger. Sjølv om den største brukargruppa er mellom 25 og 50 år, er han glad for å sjå at breidda er stor blant dei som nyttar seg av tilbodet.

Video- og telefonrettleiing

Fylket er stort og det er ikkje like lett for alle å reise til karrieresentra. Derfor tilbyr Karriere Hordaland òg samtalar på telefon og video. Dette kan også kombinerast med fysiske møte.

– Eit viktig kvalitetsteikn for våre karriererettleiarar er at dei har god kjennskap til utdanningstilbodet og arbeidslivet i regionen. For å få dette til har vi eit nært og godt samarbeid med mellom anna partane i arbeidslivet, utdanningsinstitusjonar, skuleverket, NAV og kommunane.

Karriererettleiing er både ei satsing i Hordaland og på nasjonalt nivå. Kleppestø er medlem av Kunnskapsdepartementet si arbeidsgruppe som skal foreslå kva som skal vere teikn på kvalitet på karriererettleiing i Norge.

Kjell_Helge_karriere_hordaland.JPG

Kjell Helge Kleppestø, leiar ved Karriere Hordaland, ønskjer å bidra til at folk blir bevisst sine styrkar og sin kompetanse.

Workshop for jobbsøkjarar

– Vi utviklar tenestene våre i tråd med kva vi ser det er behov for. Denne månaden startar vi for eksempel ein ny workshop for jobbsøkjarar.

Dette skal vere ei starthjelp til dømes for dei som ikkje har søkt om jobb på årevis, men som no må eller vil ut på arbeidsmarknaden igjen.

– Vi erfarer at det er utruleg mykje kompetanse i befolkninga. Det er best for både samfunnet og den einskilde at denne kompetansen blir tatt i bruk.