Namnet blir Vestland fylkeskommune

– Dette er eit godt namn for det nye storfylket, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun etter at Stortinget 7. juni vedtok namna på dei nye fylkeskommunane. Det inneber at det nye storfylket på Vestlandet skal heite Vestland fylkeskommune.

Dei nye fylkesnamna vart vedtekne med 53 røyster frå H, Frp, KrF og V.

47 representantar røysta imot. Det var A, Sp, SV, MDG og R.

Glade for vedtaket

– Vi er glade for at vedtaket no er fatta, og at det er i tråd med eit bredt fleirtal i fylkestinga i Hordaland og Sogn og Fjordane. Namnet har potensiale, og er ei viktig brikke i det vidare identitetsarbeidet vi skal gjere, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun. 

Stortinget har vedteke namneforslaga som vart fremja av regjeringa. I vedtaket har Stortinget lagt vekt på lokal støtte for namneforslaga og at dei har vore debattert nasjonalt, regionalt og lokalt i lang tid.

Open prosess 

Fylkestinga i Hordaland og Sogn og Fjordane gjekk først inn for «Vestlandet», men etter ein open prosess, med motførestellingar frå Rogaland og Møre og Romsdal, endra fylkestinga namnet til «Vestland». 

I forslaget frå regjeringa har det vore eit mål at fylkestinga sjølv skal kome fram til namn med god lokal forankring. Det er lagt vekt på at namna skal vere mest mogeleg samlande.

Kultur og identitet

Stortinget peikar på at namna på fylkeskommunane er viktig for å bygge kultur og identitet og at arbeidet med dette kjem i gang no. Mindretalet på Stortinget ville sende namneforslaga ut på høyring. 

Frå 1. januar 2020 blir dette namna på dei 11 fylka i landet:

•             1. Viken.

•             2. Oslo.

•             3. Innlandet.

•             4. Vestfold og Telemark.

•             5. Agder.

•             6. Rogaland.

•             7. Vestland.

•             8. Møre og Romsdal.

•             9. Trøndelag eller Trööndelage.

•             10. Nordland.

•             11. Troms og Finnmark eller Romsa ja Finnmárku eller Tromssa ja Finmarkku.