Musea skal få eit løft

Vel 4,5 millionar kroner skal Hordaland fylkeskommune bruke til å gje musea eit løft. Utval for kultur, idrett og regional utvikling har fordelt pengane på 10 ulike prosjekt.

Målet er å styrke musea og vidareutvikle dei som sterke kunnskapsentra og profilerte samfunnsaktørar som utviklar samfunnet med kunnskap om fortid, notid og framtid. 

Dei 10 prosjekta fordeler seg med to innan bygningsvern, to innan forvalting av samlingar, fem til formidling og eitt til å lage museumsstrategi for alle kommunar i Sunnhordland.

Klassisk restaurering 

Nærmare 1,3 millionar kroner går til Hardanger og Voss museum til å etablere ein arena for læring i klassisk restaurering og bygningshandverk. Målet er at Kulturnaustet ved Hardanger fartøyvernsenter skal få fagskuleutdanning i dette. Bakgrunnen er at Fagskulen i Hordaland har fått godkjent faget «Klassisk restaurering og bygningshandverk». I tillegg til å kome i gang med fagutdanninga, skal eit forprosjekt utgreie regional læringsarena på Vestlandet for vidare- og etterutdanning (bachelor, master og PhD). 

Det andre prosjektet innan bygningsvern er ved Museumssenteret i Hordaland som får 730 000 kroner til å utvikle eit nytt system for forvalting, drift og vedlikehald for bygningsvernarbeidet ved musea og utvikle langsiktige forvaltingsplanar for kulturhistoriske og freda hus ved musea.

Museumssenteret

Dei to prosjekta som får pengar til forvalting av samlingar er begge ved Museumssenteret i Hordaland. 700 000 kroner skal gå til utprøving av metode for omorganisering av eksisterande museumsmagasin. Det andre prosjektet er temadag for «Beredskapsgruppa for arkiv og museum i Hordaland» som får 20 655 kroner.

MuseumN100BLysoen0503.jpg

Ny båt skal trafikkere Lysøen. 625 000 kroner går til å bygge nytt kaianlegg som er universelt utforma.

Fem formidlingsprosjekt får pengar: Baroniet i Rosendal får 100 000 kroner til ny digital utstilling, KODE får 625 00 kroner til ny kai på Lysøen, Kraftmuseet (NVIM) får 250 000 kroner til å ta vare på og gjere Boliden-arkivet tilgjengeleg, Museum vest får 525 000 kroner til portal til Det Nye Hanseatiske Museum – Midtbygget på Bryggen, og Sunnhordland museum får 300 000 kroner til tredelt satsing på maritim industrihistorie.

Museumsstrategi

Til å lage museumsstrategi for alle kommunane i Sunnhordland, har Samarbeidsrådet for Sunnhordland, saman med Sunnhordland museum, fått 40 000 kroner. Strategien skal avklare og synleggjere kva Sunnhordland museum, kommunane og det frivillige samfunnslivet skal bidra med til kvarandre.