Mobbeombodet utvidar til barnehage og grunnskule

116 000 barn og unge i Hordaland kan no få hjelp av mobbeombodet om dei ikkje har det bra i barnehagen eller på skulen. Dermed er det ikkje berre vidaregåande elevar som får dette tilbodet, men også dei som er yngre.

Fylkeskommunen sitt mobbeombod vil første tida framover prioritere barnehagane. 1-2 barn i kvar barnehage vert utsette for mobbing. Eit barn som blir mobba på skulen kan ha opplevd at mobbinga starta allereie i barnehagen. Mobbeombodet meiner det er svært viktig å sette inn innsatsen tidleg. 

Blir eksludert frå leik

— I barnehagen handlar mobbing ofte om ekskludering frå leik. Det verste for eit barn er «å ikkje vere med i leiken». Både dei som blir utsette for krenkingar og dei barna som utset andre for krenkingar må få hjelp og støtte. Det er dei vaksne si oppgåve å sørgje for at barn blir inkluderte i fellesskapet. Barn som krenker andre, må få rettleiing og bli hjelpte til å velje betre strategiar, seier mobbeombod Mari-Kristine Morberg.

Mobbeombodet har sett at ekskludering frå leik, aktivitetar og fellesskap er noko som går att i mobbesaker. Dette gjeld ikkje berre for barnehagar, men og for barne- og ungdomsskular. Dette er det mange kallar for skjult mobbing eller relasjonell mobbing og som er veldig utbreidd.

Jobbe aktivt med kommunane i fylket

I saker der mobbeombodet vert kontakta kan ho blant anna rettleie om kva rettar barnet har og korleis ein kan gå fram for å få hjelp i barnehagen, skulen eller kommunen dei bur i. Morberg vil òg jobbe aktivt overfor kommunane i Hordaland slik at tilbodet blir kjent i grunnsskular og barnehagar. Ho seier at alle barn, unge og vaksne kan ta kontakt med ho om dei har spørsmål om mobbing, tryggleik og trivsel i barnehagen eller skulen.

– Det er mi erfaring at desto tidlegare ein får grepe inn i ei sak, dess lettare er det å få løyst ho på ein god måte. Ofte kjem sakene når det har gått lang tid og det er ikkje bra .Alle barn har rett til eit trygt og godt miljø. Det betyr ganske enkelt at alle skal ha det bra i barnehagen eller på skulen, seier Morberg.

Låg terskel

Både barn, føresette og tilsette kan ta kontakt med mobbeombodet dersom barnet ikkje har det bra i barnehagen eller skulen. Ho vil dessutan at terskelen for å ta kontakt må bli endå lågare og at omsorgspersonar eller barna sjølv ikkje må tenkje at saka deira ikkje er ille nok.

– Det er veldig viktig for meg at både barn og foreldre veit at det ikkie må vere alvorleg mobbing for at barnehagen eller skulen skal ha plikt til å hjelpe. Altfor mange melder frå seint, fordi dei er usikre på om dette er noe dei bør «bry skulen eller barnehagen med», og der er uheldig. Mobbeombodet er eit lågterskeltilbod og eg ser frem til å kunne hjelpe endå fleire barn i Hordaland, seier Mari-Kristine Morberg.

Det utvida ansvarsområdet til mobbeomboda skjer over heile landet frå 1. august, og for Hordaland sin del er arbeidet allereie starta.