Mobbeombodet på Snapchat for å nå ut til ungdommen

Sjølv om mobbetala har gått ned frå 2016, kvilar ikkje mobbeombodet i Hordaland.  Mari-Kristine Morberg er aktiv fleire stader for å få bukt på mobbing, og vil no treffe ungdommen på Snapchat.

– Eg er på Snapchat fordi eg må vere der ungdommane er. Eg får stadig hendvendingar frå foreldre og lærarar, men eg må vere tilgjengeleg for dei unge, seier Morberg.

Ho legg til at når ho og elev- og lærlingombod Sigrid Isdal er ute på skulane, får dei ofte spørsmål om dei er tilstades på Snapchat eller Instagram.  

Mobbeombodet har allereie eiga facebookside som nærmar seg 900 følgjarar, men der dei fleste er vaksne.

Via Snapchat vil ho nå direkte ut til ungdommane, der  elevane har lågare terskel for å ta kontakt.

På Snapchat  deler ho tips og råd for korleis du kan gå fram om du opplever mobbing, eller opplyser om elevane sine rettar. Ho kan òg svare på spørsmål direkte til dei som lurar på noko. Sjølvsagt har ho full teieplikt. Også fleire av dei andre elev- og lærlingombod og mobbeomboda i Noreg er aktive på Snapchat. 

mobbeombod på snapchat.jpg

Slik kan det sjå ut når mobbeombodet "snappar". Følg mobbeombod du også!

Kurs i mobbehandtering

Men det er ikkje berre på sosiale media mobbeombodet er ekstra aktiv om dagen. Denne veka held ho kurs for skuletilsette for å heve kompetansenivået om handtering av mobbing. Kurset blir halde saman med Guttorm Helgøy frå Læringsmiljøsenteret i Stavanger.

Kurset er todelt. Mens del 1 identifiserte mobbing og gav deltakarane verktøy for å avdekke mobbing, handlar del 2 om handtering av mobbesaker. Dei har òg vore gjennom det nye lovverket, kapittel 9A i Opplæringslova, som går ut på at alle elevar har rett til eit trygt skulemiljø.

Nedgang i mobbing i Hordaland

Elevundersøkelsen 2017 som vart presentert måndag seier at 6,6 prosent blir mobba to til tre gonger kvar månad. I Hordaland har Fylkesmannen fått inn 53 mobbesakar i fjor, men dei aller fleste av desse er frå barne- og ungdomskuleelevar. Men langt frå dei fleste mobbesakar hamnar på bordet til Fylkesmannen.

I undersøkinga frå i haust er det 300 vidaregåande elevar i Hordaland som fortel at dei blir mobba. Det er ein nedgång frå 350 året før. 

 

Fakta/Snapchat

  • Det nest største sosiale medium i Norge målte i tal profilar og dagleg bruk.
  • 2,4 millionar over 18 år har Snap-profil. Inkluderer vi alle under 18 år, er anslaget rundt 3 millionar. Over halve Noreg er altså på Snap.
  • Over sju av ti snappar dagleg
  • Dei unge er mest aktive. I følge Barn og medier-undersøkinga er Snap svært populært blant dei aller yngste; to av tre 9-10-åringar er på Snap.

Kjelde: http://sosialkommunikasjon.no/brukertallene-i-sosiale-medier/