Miljøpris for engasjement rundt matsvinn

Mette Nygård Havre og Kristine Ullaland får Hordalands miljøpris 2017. Dei har sytt føre at Hordaland og resten av landet har fått auga opp for ein viktig og aukande problematikk, nemleg matsvinn og unødvendige ressursar.

Miljøpris Hordaland 2017 går i år til to mottakarar, som begge kombinerer idealistiske verdiar, miljøengasjement og innovativt entreprenørskap. Begge markerer også eit lokalt  engasjement som blir lagt merke til nasjonalt.

Eit problem for lommeboka og ressursfordelinga på verdsbasis

Slik begrunnar arbeidsutvalet i Miljø- og samfedselsutvalet (MISA) tildelinga:
«Miljøpris Hordaland 2017 vert tildelt arbeidet rundt ein tematikk som har fått auka merksemd dei siste åra. Matsvinn hjå einskildpersonar og bedrifter og svinn og auka forbruk generelt er både eit stort klimaproblem, eit problem for lommeboka og eit ressursfordelingsproblem på verdsbasis. 

Mette Nygård Havre (tidlegare kommunikasjonsdirektør i BIR) er leiar av firmaet Grønne Verdier. Gjennom firmaet sitt og folkeopplysningsrørsla #spisoppmaten har ho verkeleg sett matsvinn på den norske agendaen. Ho og familien har titals tusen følgjarar på sosiale medium og no er dei i mediabiletet stadig vekk, til dømes på God Morgon Norge, debattar og radiointervju. Ho har fått både Q-meieria og Tine-meieria til å endra datomerking frå: " Best før" til "Best før, men ikkje dårleg etter".

Kristine Ullaland er CEO og stiftar av Zero Waste Norge AS, eit ungt firma basert på idealistiske verdiar. Zero Waste Norge sitt mål er å stoppa utvinning og forbruk av unødvendige ressursar, og dermed spara miljøet for dei negative konsekvensane dette fører med seg. Dei er i gang med å utvikla eit program med særskilt fokus på korleis bedrifter kan redusere svinn, råvarebruk, avfall, utslepp og energiforbruk.»

Datoskrekk

– Eg er kjempeaudmjuk, glad og stolt! Det viser at folk har fått med seg det vi jobbar med kvar dag, og vi får til ei endring. Men det er enno lang veg å gå for å nå målet med å halvere matsvinn innan 2030, seier Mette Nygård Havre frå Bergen.

Ho synes det er spesielt gøy og viktig å engasjere andre.

– Mange har datoskrekk i Norge. Dei små tinga, som å bruke sansane, er viktig. Det eg gjer på heimebane kan få stor påverknad for andre familiar, seier ho og legg til at ho ikkje er lei av å snakke om engasjementet sitt.

Ho seier at det er spesielt gøy å få denne anerkjeninga frå politikarane, at dei får opp auga for slike miljøtiltak.

– Stas å vinne saman!

Kristine Ullaland frå Naustdal i Sunnfjord synast at det er stor stas å få ein pris frå Hordaland fylkeskommune.

– Det er ikkje småtteri! Det er er utruleg stas å få denne anerkjenninga! Eg har jobba i mange år med dette og det gir meg eit ekstra gir. Det er kjekt å sjå alt som spirer, og eg er stolt over å få dele prisen saman med ei så dyktig dame som Mette, og at vi frontar denne rørsla saman, seier ho.  

Ingen av vinnarane har konkrete planar for pengepremien som er på 25.000 kr kvar, men dei lover å øyremerke dei til framtidige miljøprosjekt. – Dei kjem nok til nytte, seier Ullaland.

Fylkesordføraren gratulerer

- Juryen har gitt Miljøprisen for Hordaland 2017 til to organisasjonar som verkeleg har fått oss til å tenkje annleis om datostempling av mat og korleis bedrifter kan redusere svinn og råvarebruk. At vi alle, både på jobb og heime, har eit bevisst forhold til dette er med på å redusere klimautsleppa her i Hordaland. Eg gratulerer vinnerane og eg gler meg til å følgje med på det vidare arbeidet deira, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

Kortreiste blomar i premie

Prisen blei delt ut på Fylkestinget i dag. Vinnarane får 25.000 kr kvar, diplom og kortreiste blomar; tulipanar frå Os og blåbærlyng frå Tysnes, pakka inn i papir i staden for plast, etter forslag frå prisvinnar Ullaland.

Hordaland fylkeskommune sin miljøpris skal vere til heider for einskildpersonar, lag og verksemder som har utmerka seg innafor klima- og miljøvernarbeid i året som gjekk. Prisen famnar breitt. Tidlegare har arbeid for å verne om livet i vatn og på land, aksjonsgrupper og gode miljøtekniske løysingar vore vinnarar.