Premiere på framsyninga «Migrasong – tonane dei bar med seg over havet»

- Gjennom musikk, forteljing og biletspel ønskjer me å gje innsikt og formidla ein viktig og lite påakta del av historia om emigrasjon frå Noreg for 150 år sidan, seier fylkesmusikar Reidun Horvei.

I framsyninga fylgjer me Olina (16) og Ananias (17) si reise til Amerika på slutten av 1800-talet. Ein vakker vårdag tok dei englandsbåten frå Bergen til Hull i England, med tog til Liverpool og så over Atlanteren til det lova landet, Amerika. Bagasjen skulle ikkje vega meir enn 75 kg, men songane dei bar med seg vog ingen ting.

Fortid og notid

- Me ønskjer å skildra eit levevis gjennom ulike røyster og miljøskildringar, farga av situasjonen som mange flyktningar og innvandrarar både i USA og Noreg lever under i dag. Gjennom sjøfart og folkevandring vart songen spreidd, før som no. Frå heile verda der menneska kjem i kontakt med kvarande oppstår det nye songar, seier Reidun Horvei.

Samarbeidsprosjekt

Framsyninga er tinga av Museumssenteret i Hordaland, og prosjektet er realisert i samarbeid med Hordaland fylkeskommune. «Migrasong» skal på turné med 11 konsertar i 9 kommunar. I september skal10 nye kommunar vitjast.

På turnéen har Redun Horvei med seg Øyvind Lyslo (strengjeinstrument) og Per Inge Hove (trøorgel). Regi er ved Tore Nysæter, og bileta er tilrettelagt av Steffen André Hagen.

Premiera er lagt til Emigrantkyrkja på Sletta, sundag 11. februar, kl. 19.00.

datoar migrasong.JPG