Medienæringa veks i Hordaland

Ein ny rapport viser at medienæringa i Hordaland hadde 336 verksemder i 2016 – ein vekst på 17 prosent frå 2012. Dette er første gang medienæringa har blitt kartlagt som eiga næring i Norge.

Den nye rapporten presenterer nøkkeltal for mediebransjen mellom 2003 og 2016. Den er utarbeidd av Samfunnsøkonomisk analyse på oppdrag frå Hordaland fylkeskommune og Bergen kommune – og viser tal på både nasjonalt og regionalt nivå.

– Rapporten undersøker medienæringa på ein måte som ikkje er gjort tidlegare. Dette er ei næring i vekst i Hordaland og det er interessant å sjå at fleire av selskapa i fylket hevdar seg både nasjonalt og internasjonalt, seier fylkesvaraordførar Pål Kårbø.

Fødselshjelpar

Rapporten viser at verdiskapinga for medienæringa i Hordaland i 2016 var på 2,8 milliardar kroner totalt - ei auke på sju prosent frå 2012. I den same perioden auka den samla omsetninga med 5 prosent til 6 milliardar kroner.

Driftsresultatet for medienæringa hadde derimot eit fall. Frå 2012 til 2016 gjekk det ned 16 prosent til 239 millionar kroner totalt. Talet på årsverk i medienæringa i Hordaland i 2016 var 3233.

Hordaland fylkeskommune har ei viktig rolle som regional utviklar i medienæringa, og har vært med å finansiere ei rekkje ulike prosjekt.

– Vi var med som fødselshjelpar i den tidlege finaniseringa av medieklyngen NCE Media. Dei spelte igjen ei viktig rolle i samlokaliseringa av bransjen i Media City Bergen, seier Kårbø.

Fylkeskommunen var også med å finansiere inkubatoren Mediekuben – eit innovasjonsmiljø med både oppstartsselskap og etablerte selskap i bransjen.

Bergen dominerer

Det geografiske tyngdepunktet for medienæringa i fylket er ikkje uventa i Bergen med 251 bedrifter i bransjen. I tillegg til å ha store mediehus som NRK, TV2 og Bergens Tidende, er det også mange bedrifter innan medieteknologi. Ein av desse bedriftene er Wizrt som leverer grafikkløysingar til tv-selskap i heile verda. Medienæringa i andre kommunar i Hordaland handlar i hovudsak om verksemda til lokalavisene.

Julie Andersland, byråd for klima, kultur og næring i Bergen kommune framhevar medienæringa si betyding.

– Medienæringa og medieklynga er veldig viktige for Bergen, og kommunen har eit utmerka samarbeid med NCE Media, som jo representerer ein bransje som er både nyskapande og bærekraftig. Eg er overbevist om at satsinga på for eksempel Media City har gitt heile næringen et løft, seier ho.

Hordaland størst utanfor Oslo

Ser ein på tala for resten av landet, skil Oslo seg ut med i overkant av ein tredjedel av verksemdene i medienæringa. Dei 336 mediebedriftene i Hordaland utgjer omtrent ein tredjedel av talet på medieverksemder i hovudstaden.

Medan ni prosent av medieverksemdene nasjonalt er i Hordaland, står fylket for 10 prosent av årsverka og verdiskaping. Ser ein bort frå Oslo er Hordaland det største mediefylket i landet. Hordaland er, saman med Trøndelag, dei einaste fylka med ein positiv utvikling i talet på årsverk.

– Tala i rapporten gir oss ein god oversikt over tala i næringa, noko som gjer det mogleg å følgje utviklinga. Ein slik oversikt har også vore etterspurd av næringa sjølv, seier Bård Sandal, fylkesdirektør for regional utvikling i Hordaland fylkeskommune.

Medienæringa som eiga næring

Medienæringa i Norge veks. Samtidig manglar ei felles forståing for kva medienæringa omfattar. Den nye rapporten skal vere eit supplement til eksisterande næringsanalysar for å gi eit meir presist bilde av størrelsen og lønnsemda i næringa. Dette er første gang medienæringa blir kartlagt som eiga næring. Mange analysar undersøker «kreativ næring», men dette er eit vidare omgrep.

Kjernen i det som blir omtala som medienæringa i rapporten er det som handlar om produksjon og formidling av nyhende og underhaldning på TV, kino eller strøymetenester og aviser og bøker. I tillegg kjem ulike støttenæringar som til dømes teknologiselskap. Totalt har medienæringa omkring 3800 bedrifter nasjonalt ifølge rapporten.