Markerte det sterke vennskapet mellom Hordaland og Cardiff

Det sterke vennskapet mellom Hordaland og Cardiff blir markert med utstillinga «Prisoner of War» i den norske sjømannskyrkja i hovudstaden i Wales. Ordføraren i Cardiff opna utstillinga der mange gjester frå Hordaland deltok.

Utstillinga er ein del av vennskapssamarbeidet mellom Hordaland og Cardiff. 

– Far min følte behovet for å tilgi, men ikkje gløyme , og eg ønskjer å fortelle hans historie, sa Hordalandskunstnar Bodil Friele under opninga av utstillinga. Far til Bodil Friele var på oppdrag med eit Halifax bombefly over Tyskland då flyet vart skoten ned nær Hamburg 29. juli 1943. Resten av krigen sat han i tysk fangeleir. 

– Far min fortalde ikkje mykje om dette etter krigen, men etter å ha lest notata og dikta hans, har biletet blitt klarare, sa Friele.

CardiffN1000B2.jpg

På utstillinga deltok elevar frå Hordalandsklassen i Cardiff, Hordalandskunstnar Bodil Friele og Terje Inderhaug i komiteen som fekk sjømannskyrkja gjenoppbygd. Elevane er Stine Olderkjær Lillebø, Vilde Færøy Gald og Liva Rindom Tofte.

Tysk fangenskap 

Utstillinga viser gjennom bilete og dikt korleis det var å sitje i tysk fangenskap under krigen. Men den er og ei utstilling som markerer at det britiske flyvåpenet, Royal Air Force (RAF) i Wales er 100 år. 

Direktør i den norske sjømannskyrka i Cardiff, Tony Burnell ønskte velkommen til opninga, og ordførar i Cardiff, Dianne Rees fortalde historia til den 149 år gamle kyrkja, som var møteplass for norske sjømenn i mange år til den i 1992 fekk nytt liv som kulturelt senter, opna av prinsesse Märtha Louise. 

CardiffN1000B4250.jpg

– Noreg spela ei viktig rolle i RAF under den andre verdskrigen, sa flykommandør Adrian Williams i RAF

«Døden i mørket» 

Flykommandør Adrian Williams i RAF minte dei frammøtte på at så mange som 1,2 millionar menneske frå 60 land tente i RAF under den andre verdskrigen.

– Noreg spela ei viktig rolle. Ein veteran skildra dei nattlege tokta som «døden i mørket», sa Williams.

Dr. Tyra Oseng-Rees er styreleiar i den norsk-walisiske vennskapsforeninga som tek vare på sjømannskyrkja i Cardiff.

– I desember neste år skal vi feire at sjømannskyrkja blir 150 år. Vi har sett ned ein komite som førebur jubileet og som skal lage til ei utstilling om kyrkja gjennom desse åra, sa Oseng-Rees.

CardiffN1000B4261.jpg

Tyra Oseng-Rees i den norsk-walisiske vennskapsforeninga ønskte velkommen til 150 års jubileum i den norske sjømannskyrkja i Cardiff i desember neste år.

Tettare samband 

Det tette bandet mellom Hordaland, Cardiff og Edinburgh nemnde rektor Philip Archer ved sjømannskyrkja i Edinburgh som og er blitt eit kulturelt senter.

– Vi har markert at sjømannskyrkja i år vart 150 år, og vi ønskjer eit tettare samband mellom desse to sjømannskyrkjene, sa Archer.

Frå Universitetet i Bergen deltok professor og visepresident iAcademia Europaes, Ole H. Petersen. Han takka for det gode samarbeidet mellom Cardiff og Hordaland.

CardiffN1000B4324.jpg

Måleri av Bodil Friele og dikt faren skreiv i tysk fangenskap under den andre verdskrigen er utstilt i den norske sjømannskyrkja i Cardiff. Utstillinga markerer og at det britiske flyvåpenet, RAF i Wales, er 100 år.

Planlegg jubileum i 2019 

Under opninga deltok elevar frå Hordaland som går på vidaregåande skule i Cardiff. Mangeårig prosjektleiar i Hordaland fylkeskommune og medlem i komiteen som stod for innsamlinga av ein million kroner i Hordaland og Sogn og Fjordane til å gjenreise sjømannskyrka på 1990-talet, deltok under markeringa. Han er framleis engasjert i vennskapssambandet mellom Hordaland og Cardiff og er med i planlegginga av det store jubileet neste år.

CardiffN1000B4220.jpg

Utstillinga «Prisoner of War» står i den norske sjømannskyrkja i Cardiff fram til 12. november.