Mange spørsmål og interpellasjonar på fylkestinget

Det blir mange spørsmål og interpellasjonar på Hordaland fylkesting 2. og 3. oktober i Terminus Hall i Bergen.

Representantane i fylkestinget har meldt inn tre interpellasjonar og ni spørsmål til fylkestinget. Dei blir behandla onsdag 3. oktober kl. 09.00.

Interpellasjonar

Natalia A. Golis (MDG) har interpellasjon om Hordaland og Vestlandet er ein berekraftig region i tråd med FNs berekraftsmål.

Alexander Fosse Andersen (SP) spør i ein interpellasjon om byte av målform i den vidaregåande skulen.

I den tredje interpellasjonen spør Terje Kollbotn (R) om regionreforma – kva no?

Ni spørsmål har fylkestingsrepresentantane meldt inn:

Siri Klokkerstuen (A) spør kva som er gjort eller blir gjort for å realisere snøggbåten i Sunnhordland som reiselivsprodukt.

Tore Andre Ljosland (KrF) spør om utlysing av stillingar i Innovasjon Norge.

Beate Husa (KrF) spør om regional plan for attraktive senter.

Renate Møgster Klepsvik (FrP) spør om kapasiteten på Sunnhordlandsruta frå Bergen og innfartsparkering på Huftahamar.

Terje Kollbotn (R) stiller spørsmål om Keolis som har fått ny kontrakt på drift av Bybanen.

Øyvind Ansgar Hardeland (A) spør om overgang frå veglys av kvikksølv til LED.

Aud Karin Oen (SV) spør om Hordfast-sambandet.

Marthe Hammer (SV) spør om status for planlagde sykkelvegar i Bergen

Terje Kollbotn (R) spør om status for varig flaumsikring av Opo-elva i Odda.

På nett-TV

Fylkestinget blir vist på nett-TV og opnar tysdag 2. oktober kl.11.00 med talar av fylkesordførar Anne Gine Hestetun og konstituert fylkesrådmann Ingrid Holm Svendsen.

Oversikt over alle sakene til fylkestinget

Alle interpellasjonar til fylkestinget

Alle spørsmål til fylkestinget