- Må ta makta tilbake frå Oslo

– Vi må ta makta tilbake frå Oslo, var den klare oppmodinga frå Geir Inge Lunde, leiar av PwC region vest, på nyttårsmøtet til fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

Styrke i samspel er tema for nyttårsmøtet som samla over 300 deltakarar: Sentrale politikarar, næringslivsleiarar og leiarar frå organisasjonar. Nyttårsmøtet har etablert seg som ein viktig møteplass i starten av eit nytt år, der deltakarane set dagsorden og felles ambisjonar for det nye året. På samlinga i år var det mange deltakarar frå nabofylka på Vestlandet. 

Ein stor region på Vestlandet

Geir Inge Lunde ser for seg ein stor region på Vestlandet, ikkje berre med Hordaland og Sogn og Fjordane, men og med Rogaland, og gjerne Møre og Romsdal.

– Vi er for mykje avhengig av Oslo. Vi må ta makta tilbake og bestemme sjølve. Det er farleg med all makt i Oslo fordi vi får ikkje mangfaldet, vi får ikkje nytenking og vi får ikkje nye ressursar. Men vi skal ikkje flytte all politisk og administrativ makt, berre 20 prosent. Og vi skal ikkje flytte makta frå Oslo til Bergen, men til regionnivå, til kommunar og lokalsamfunn. Med desentralisert makt kan vi bygge tillit, behalde talenta og utvikle dei fantastiske naturressursane på Vestlandet, sa Lunde.

– Skal bli verdas havregion 

PwC-leiaren lanserte visjonen om at den store regionen på Vestlandet skal bli verdas havregion.

– Vi er regionen i verda med mest havforsking. Vi må knyte saman Bergen og Stavanger med lyntog med ein times reisetid. Vi må få ein allianse mellom kystbyane. Vi skal bli verdas havregion. Dette er eit spørsmål om vilje, makt og samarbeid, sa Geir Inge Lunde i PwC region vest.

Godt samspel skapar mangfald

Stortingsrepresentant og nestleiar i Arbeidarpartiet, Hadja Tajik, meiner godt samspel skapar mangfald.

– Mangfald gjev betre avgjersler. Vi treng forskjellig typar folk og erfaringar når noko skal løysast. Men mangfald er vanskeleg og utruleg slitsamt og kan gjere det vanskeleg å ta ei avgjerd. Det er lettare når alle er samde. Men breidde og mangfald har eigenverdi. Det er summen av det vi har å bidra med. 

– Vi må så eit frø 

Tajik meiner tre ting er viktig for at mangfald skal gje betre avgjersler.

– Vi må ha gode sosiale ferdigheiter, alle må sleppe til med innspel og vurderingar, og vi må ha kjønnsbalanse. Då har gruppa evne til å gjere gode avgjersler. Vi må finne mekanismar slik at dei som er underrepresentert får sleppe til. Vi må bruke og tole kvarandre, vi må dra vekslar på kvarandre på vårt beste og på den måten så eit frø i folk, sa Hadia Tajik.

Gode naboar i sør og nord 

Fylkesordførar Anne Gine Hestetun sa at nyttårsmøtet er ein viktig møteplass.

– Vi har eit viktig år framfor oss. Dette er det siste året i gamle Hordaland fylke. Difor er det ekstra kjekt at gode naboar i sør og nord er med oss i dag. Her har vi mykje god kompetanse. Vi må dra ut det beste i kvarandre og ha prosessar på tvers. Leiarar som vil lukkast i framtida, er dei som lærer å tenke på tvers. Alt for mange tenkjer sektor og båsvis. Vi må snakke saman, vi må jobbe saman, og vi må løyse oppgåvene saman. Vi har kompetanse, engasjement og erfaring. Vi har enorm human kapital. Bygd og by skal klare å sameinast og ta det beste ut av kvarandre. Vi skal bygge det nye Vestland, sa fylkesordførar Anne Gine Hestetun.