Må samarbeide for å hindre byspreiing

Bustadbygginga må samordnast mellom Bergen og omegnskommunane for å hindre byspreiing. Då blir også klima, miljø og trafikk best samordna, framgår det av ein rapport frå Hordaland fylkeskommune.

– Dette viser tydeleg at det er behov for regional samordning av bustadpolitikken. Vi har derfor fokus på å gjennomføre regional areal- og transporttransportplan, der byvekstavtale og regionalt bustadbyggeprogram er tydeleg prioritert, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

Fylkesutvalet fekk presentert den nyeste rapporten om bustadsbehovet i fylket. Rapporten er utarbeida av analysestaben i Hordland fylkeskommune og viser at folketalsutviklinga framleis er låg for Bergen. Viss ikkje bustadbygginga blir samordna mellom kommunane, kan det blir endå større byspreiing og veksten i Bergen kan stoppe opp.

Overskot av bustader

Rapporten åtvarar også om at det kan samle seg eit stort overskot av bustadar i bergensregionen dersom kommunane forsøker å tiltrekkje seg flest mogleg tilflyttarar kvar for seg.

– Dette vil vere ein uheldig konkurranse mellom kommunane, noko som igjen vil skape utfordringar for plan- og tilrettelegging av kommunale, fylkeskommunale og statlege tilbod og tenester som vegar, skular, vassreinseanlegg og liknande, seier Hestetun. Ho legg til at god samordning mellom kommunane også er viktig for å unngå overskot av bustader.

I rapporten blir det tilrådd å planleggje for 70 000 fleire innbyggjarar i Bergensregionen innan 2045. Bustadbehovet vil vere 41 000 fleire bustader for Bergensregionen, som utgjer kommunane Askøy, Osterøy, Vaksdal, Samnanger og dei nye kommunane Øygarden, Alver, Bjørnefjorden i tillegg til Bergen.

Små endringar gjev store utslag

Det er berre små endringar i flyttestraumane som skal til før det vil slå ut på byspreiinga.
Viss tilflyttinga til Bergen endrar seg med berre to prosent som flyttar til ein annan kommune, vil folketalet i Bergen nå eit toppunkt i 2044, med rett under 300 000 innbyggjarar. Bergen vil då aldri passere dette talet.

For at Bergen skal vekse like mye som kommunane rundt, må fire prosent av tilflyttarane til omegnskommunane heller velje å flytte til Bergen. 

Skulle ein ikkje lukkast med samordning av bustadbygging og så mange som ti prosent av tilflyttarane til Bergen vel å busetje seg i ein annan kommune, vil folketalet i Bergen flate ut no, og falle med i snitt 650 innbyggjarar per år fram mot 2045. I så fall kjem dei andre kommunane i bergensregionen til å få rundt ei dobling i folkeveksten.


Framtidig bustadbehov i Hordaland

Ved inngangen til 2018 er det berekna eit behov for 245 000 bustader for å huse befolkninga i Hordaland. Ved inngangen til 2045 er det berekna eit behov for 287 500 bustader, altså 42 500 fleire enn i dag. Dette er i snitt ein auke på i underkant av 1 600 bustader per år. I prosent utgjer dette i snitt 0,6 % per år, som er 0,1 prosentpoeng høgare enn venta folkevekst i fylket. Venta endringar i befolkningsstrukturen og hushaldssamansettinga er grunnen til at bustadbehovet aukar meir enn folketalet.

Bustadar til aleinebuande utgjer den største delen, både i dag og i framtida, (37,5 % i 2018, aukande til 40 % i 2045). Den nest største gruppa i dag er par utan barn (24 % i 2018, 26 % i 2045). Til saman gjer desse to gruppene beslag på 61,5 % av bustadmassen i 2018 og 66 % i 2045. I tal er dette berekna å utgjere 150 600 bustader i 2018 og 190 700 bustader i 2045. Nesten heile veksten i bustadkonsumet er venta å kome i desse to gruppene.

Nye scenario i rapporten

I tråd med dei reduserte folketalsframskrivingane er behovet for bustadar òg redusert i forhold til tidlegare rapportar. Nytt med årets rapport er at den viser konsekvensar av ulike scenario for flytting i bergensregionen. Scenarioa byggjer på spørsmåla om kva som skal til for at det skal vere lik vekst i Bergen og omlandet, kva som skal til for at veksten i Bergen skal stoppe heilt opp, og kva som skal til for at veksten i kommunane rundt Bergen stoppar opp.