Lindeplassen skal bli viktig byrom i Odda

Hordaland fylkeskommune har gjeve fleire hundre tusen kroner til vidare utvikling av attraktive sentre i fylket. Eitt av prosjekta som får pengar Lindeplassen som skal utviklast frå asfaltjungel til det viktigaste byrommet i Odda.

Lindeplassen får 150 000 kroner. Planen er at det skal bli ein hyggeleg stad å treffast og få ting til å skje. Odda opplever no ein ny vår, både innan reiseliv og tradisjonell industri. Trolltunga har bana veg for Odda som turistmål. 

Smelteverket 

Lindehuset var ein del av Odda smelteverk. Bydelen rundt Lindehuset er viktig i utviklinga av det moderne Odda. Pengane skal gå til å utvikle området. I dag er plassen lite nytta. Det finst ingen benkar og ingen aktivitetar å drive med. Det er planar om å etablere ein klatrevegg og flytte busstasjonen til tomta. I dag er næringshagen og studiesenteret flytta inn i området. Senter for industriarkiv er der. Ein bluesklubb har etablert seg i kafeen. 

Området vil bli brukt til integrering og inkludering. Flyktningar skal få møtestader der dei kjem i kontakt med dei frivillige miljøa i området. Elevar i vaksenopplæringa skal bli involvert i å utvikle staden. 

I juni er det planlagt opningsfest på det nye torget i Odda.

LindeplassenN1000B6065.jpg

Lindeplassen i Odda skal utviklast frå asfaltjungel til ein hyggeleg stad å møte folk. (foto: Litteratursymposiet i Odda)

Blå steg i Austevoll

Storebø i Austevoll har fått 150 000 kroner til å utvikle tettstaden ved å etablere «det blå steget», ei trapp som skal fungere som snarveg og sosial møteplass. Storebø er i utvikling frå bygd til tettstad. Midtpunktet er Hippakaien, den gamle dampskipskaien. Rundt den skal det byggast rundt 600 fleire bueiningar innan ein radius på 700 meter. Grunna terreng og topografi er det bratt å kome seg frå kaien til bustadene. Vegen går rundt haugane, men det er etablert stiar som går gjennom bustadområda. Ei trapp vil knytte saman nytt og eksisterande nettverk av stiar, vegar, og gang- og sykkelvegar på Storebø. 

Analysere handel på Stord 

Stord kommune har fått 150 000 kroner til å analysere handelen. Kommunen har eit attraktivt senter, Heiane, og eit regionsenter, Leirvik. Kommunen har regionale funksjonar for Bømlo, Fitjar, Stord og Tysnes. Pengane skal gå til ei overordna analyse av handelen som skal danne grunnlag for kommuneplan og kommunedelplan for Leirvik. Analysen skal skildre handelssituasjonen, potensialet for auka handel og samspel mellom sentra i kommunen.