Lærer norsk på språkkafé

– Vi kjem hit for å lære å snakke norsk, seier Mehert og Phong, to innvandrarar på språkkaféen til Landås bibliotek. Ein gong i veka kjem 10-15 personar til biblioteket for å lære og praktisere norsk språk.

Språkkafé er blitt eit populært tilbod ved mange bibliotek i fylket. Nokre bibliotek har hatt tilbodet nokre år, men etter at Gjensidige-stiftinga har gjeve ein million kroner til den vidare utbygginga av språkkaféar i Bergen og Hordaland, har tilbodet breitt om seg. 

– Med desse pengane har vi kunne opprette språkkafé ved alle biblioteka i Bergen og ved mange bibliotek i dei andre kommunane i Hordaland, seier prosjektleiar Terje Haugsgjerd ved fylkesbiblioteket. 

Mest brukt 

Folkebiblioteka er ein av kulturinstitusjonane som blir mest brukt av flyktningar og innvandrarar.

– Biblioteka har utvikla seg til å bli ein møteplass for lokalbefolkninga. Gjennom dette prosjektet ønskjer vi å få til eit auka samarbeid med lokale organisasjonar og institusjonar, til utvikling og drift av tiltak og arrangementet, seier Haugsgjerd. 

Språkkafé er eit populært tilbod for å betre kontakten mellom innvandrarar og nordmenn. Målet er inkludering, integrering og utjamning av digitale skilnader. 

– Eg har gått på norskkurs i seks månader, men er dårleg i norsk. For meg er det viktig å snakke med nordmenn for å bli betre i norsk. Planen min er å bli bussjåfør. Då må eg ta sertifikat og kunne norsk. Eg har stort utbyte av å vere på språkkafé her, seier Phong som kjem frå Vietnam. 

Kultur og tradisjonar 

I tillegg til å praktisere norsk språk, lærer deltakarane om kultur, tradisjonar og korleis den norske kvardagen fungerer. Språkkaféen er eit tilbod der innvandrarar møter nordmenn og snakkar saman. Bente Kristine Aarheim Hagevik har vore med på språkkaféeen på Landås i snart eitt år som frivillig.

– Vi har eit nytt tema vi snakkar om kvar veke. I dag snakkar vi om klima og miljø, og vi serverer te og kaffi og noko å bite i. 

Aarheim Hagevik seier at det var naturleg å starte språkkafé på Landås.

– Vi har hatt eit stort asylmottak her og mange innvandrarar. Språkkafe er eit naturleg tiltak for å betre integreringa. Dei kjem hit både for å lære å snakke norsk og bli kjent med lokalsamfunnet, seier ho. 

Språkspel 

Jamal Ali Mohamud, ved Bergen offentlege bibliotek, er fungerande ansvarleg for intergeringstiltak ved biblioteket og prosjektleiar for språkkaféen.

– Eg er involvert i språkkafé ved hovudbiblioteket og filialen på Landås. Dette er eitt av fleire tiltak vi gjennomfører for å integrere innvandrarar i samfunnet. Vi har og andre arrangement som språkspelet Amigos og tilstellingar og ulike språkkaféar fleire gonger i veka, mellom anna eigen kinesisk språkkafé og tett samarbeid med språkkaféen til Røde Kors. 

Jamal Ali Mohamud har sjølv erfart kor nyttig språkkafé er.

– Eg byrja sjølv å gå på språkkafé då eg kom hit og har hatt godt utbyte av det. Og no er eg leiar av heile prosjektet. Vi ser at innvandrarar blir betre til å snakke norsk av å gå her. På hovudbiblioteket kan det kome så mange at vi enkelte gonger må avvise, seier Jamal Ali Mohamud. 

Godt samarbeid 

Det utvida prosjektet med språkkafé i Bergen og Hordaland er eit samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune ved fylkesbiblioteket, Bergen Offentlige Bibliotek og Det Felles Innvandrerråd i Hordaland, som har fått ein million kroner av Gjensidigestiftinga. Prosjektet har fått namnet: «Rom for møte - folkebiblioteka i Bergen og Hordaland som integreringsarena  2017-2018». 

Pengane blir brukt på alle sju biblioteka i Bergen: Hovudbiblioteket, Loddefjord, Oasen, Ytre Arna, Fana, Landås og Åsane. I tillegg har mange bibliotek i andre kommunar i Hordaland fått pengar: Austrheim, Bømlo, Fjell, Masfjorden, Kvam, Stord, Voss, Askøy, Etne, Fitjar, Samnanger, Sund og Strilabilbioteket i Lindås og Meland. 

Løyse sentrale samfunnsoppgåver 

Pengane går til språkkafé og norsktrening, miljøklubb og digitale verkstadar som integreringsaktivitet.

– Rom for møte syner korleis folkebiblioteka og det offentlege tilbodet i Hordaland utviklar seg i tråd med samfunnet i kring seg. Prosjektet opnar for nye måtar å handle saman på for å løyse sentrale samfunnsoppgåver, seier Terje Haugsgjerd ved fylkesbiblioteket.