Lågaste folkeveksten på 20 år

Befolkninga vert eldre, overskot av menn, lågare fødselstall og fråflytting av barnefamiliar frå Bergen. Den ferske rapporten «Hordaland i tal» syner og at den låge folkeveksten held fram.

Nye tal frå Hordaland fylkeskommune viser at folkeveksten var på berre 0,5 prosent i fjor. Dette er den lågaste veksten på 20 år og alt tyder på at folkeveksten framover kjem til å ligge på eit lågt nivå. Folketalet i 2017 var 522 539 og auka var i reine tal 2 567 innbyggarar.

Aldring i befolkninga

I alt var det 12 kommunar i fylket som hadde folketalsnedgang i 2017. Vi må tilbake til 2007 for å finne like mange kommunar med nedgang i Hordaland. Den prosentvise nedgang var størst i Fedje, Odda, Etne, Ulvik, Jondal og Samnanger.

Nedgangen i vekst i fylket kan forklarast med lågare innvandring, lågare innanlands tilflytting og at fødselsoverskotet minkar. For samtidig som befolkninga blir eldre er fødselstala rekordlåge både i Hordaland og resten av landet. Fruktbarheita i Noreg har aldri vore lågare med 1,62 barn per kvinne. I Hordaland blei det fødd 434 færre barn i 2017 samanlikna med 2016. Om denne utviklinga held fram, blir det enda færre yrkesaktive per pensjonist. På få år er dette talet endra frå 4,9 til under 4,3 innbyggjarar i yrkesfør alder per pensjonist.

Barnefamiliane flytter frå Bergen

Folketalsveksten var høgast i kommunane Fjell og Os. Begge hadde ein vekst på 2,1 prosent. Dette er dobbel så høg vekst som landsgjennomsnittet. Rapporten viser og at det er fleire som flyttar frå Bergen enn som flyttar til. Den einaste grunnen til at byen framleis veks er fødselsoverskotet. Flyttetala viser at småbarnsfamiliane flyttar ut til nabokommunane i perioden før barna skal begynne på skule. Frå 2014 til 2017 sank talet på småbarnsfamiliar i Bergen med 389 hushald. I tal personar utgjer dette netto 1005 små barn og 735 foreldre.

Underskot av unge kvinner

I motsetning til tidligare år er det ingen kommunar som har fleire kvinner enn menn i aldersgrupa 20-39 år. Alle kommunar hadde overskot av menn bortsett frå Askøy der det var like mange av begge kjønn. Det største underskotet av kvinner finn vi i Radøy kommune med 84 kvinner per 100 menn. Gjennomsnittet for Hordaland er 93 kvinner per 100 menn i aldersspennet 20 til 39 år, mot 96 på landsbasis.