Lagar tursti av saueull

Med hjelp frå erfarne stibyggjarar frå Nord-Irland blir ull brukt som byggemateriale på ein tursti i Odda. Hordaland fylkeskommune og EU-prosjektet Ascent testar denne hausten metoden som stammar frå det gamle romarriket.

– Metoden er effektiv i blautt terreng ettersom små sediment fester seg i ulla og hindrar grus i å forsvinne ned i myra. Over tid blir underlaget hardt og godt eigna som underlag for turgåarar, seier seniorrådgjevar Marta Dixon Rongved. Ho er Hordaland fylkeskommune sin representant i Ascent-prosjektet – eit EU-prosjekt som handlar om ferdsel i sårbar natur. Prosjektet har partnarar frå fem europeiske land – Irland, Nord-Irland, Finland, Norge i tillegg til Island – der dei var samla sist veke.

Miljøvenleg og nyttig

Tre ulike teknikkar for saueull i sti blei gjennomført i september og blir no testa over tid på eit avgrensa område i Buerdalen. Dixon fortel at metoden óg kan gi auka verdiskaping for sauebønder. Restull eignar seg nemleg dårleg for strikking og har få andre bruksområde. I tillegg er det eit meir miljøvenleg alternativ enn alternative løysingar, som for eksempel å bruke syntetisk duk for å hindre at stien sig saman.
Ein lokal støttespelar i prosjektet er Lyngheisenteret i Nordhordland som mellom anna har donert ull til testinga. Dixon fortel at dei òg vurderer å prøve ut byggemetoden på sine stiar.

Trolltunga som case

Hordaland fylkeskommune sitt bidrag i Ascent-prosjektet handlar om stien til Trolltunga i Hardanger. Området har fått stor merksemd dei siste åra som eit internasjonalt reisemål med stor turisttilstrøyming. Talet på redningsaksjonar og slitasje på turstien har auka dramatisk. Situasjonen gir både utfordringar og store moglegheiter – både når det gjeld næringsutvikling og vern av naturen.

– I Norge er det ein sterk tradisjon for tur og friluftsliv. Vi ønskjer at folk skal kome seg til fjells. Samtidig er det behov for å legge til rette for ferdsel i naturen som er berekraftig på lang sikt, seier Dixon.

Nord-irsk og romersk kompetanse

Det var fylkeskommunen sin Ascent-partnar i Nord-Irland som tipsa om saueull-teknikken – noko dei sjølv har brukt med godt resultat i sine område. Teknikken har sine røter heilt tilbake til då romarane bygde stiar i Storbritannia.

– Å bli kjent med teknikkar vi ikkje visste at eksisterte er ein av dei hyggelege effektane med å jobbe i prosjekt der ulike land deltar, seier Dixon. Om dette blir ein suksess kan saueull også vere aktuelt som byggjemateriale på Trolltunga-stien på sikt. Metoden er også interessant for andre område i norsk natur. Trolltunga og Ascent Hordaland er til dømes representert i den nasjonale satsinga Nasjonale Turiststier. I nettverksgruppa her møtest representantar frå reisemål i heile landet med liknande utfordringar som dei vi ser på Trolltunga.

Folkehelse og inkludering

Ascent-prosjektet er no inne i sitt siste år. Mette Nora Sætre, næringssjef i Hordaland fylkeskommune, ser stort potensiale for nye prosjekt når det gjeld ferdsel i sårbar natur.

– Ferdsel i naturen kan vere ein viktig faktor både innan folkehelsearbeid og inkluderingsarbeid. Det å bevege seg i terrenget, i frisk fjelluft, byggjer både den mentale og den fysiske helsa. Vi kjem dessutan lettare i kontakt med andre menneske.

Sætre legg til at det er viktig å vere varsam når vi lager infrastruktur som stiar og når vi går på stiane.

– Vandring er eit raskt voksande segment innafor internasjonal turisme, og har stort verdiskapingspotensiale for regionar som no blir oppdaga av tilreisande.

 Sjå video om Ascent-prosjektet: