Kunstutstilling markerer det sterke bandet mellom Hordaland og Skottland

– Med denne utstillinga tek vi vare på dei sterke banda mellom Hordaland og Skottland, sa kulturpolitikar Beate Husa under opninga av kunstutstillinga frå Leith School of Art i Edinburgh. Ho leiar utval for kultur, idrett og regional utvikling i Hordaland.

11 skotske kunstnarar deltek på utstillinga, som er open i Oseania fram til søndag 25. mars. Kunstnarane kjem frå Leith School of Art som held til i den 150 år gamle sjømannskyrkja i Edinburgh. Hordaland og Edinburgh er vennskapsregionar, eit vennskap som går langt attende i tid.

EdinburghN1000B7581.jpg

Kristina Chan har laga desse to bileta på utstillinga, her i samtale med Bodil Friele, som hadde utstilling i sjømannskyrkja i Edinburgh i fjor, basert på tida faren sat i tysk leir under krigen. Til hausten blir utstillinga til Bodil Friele vist i sjømannskyrkja i Cardiff. Neste utstilling med Kristina Chan blir i Roma.

Heim for nordmenn 

– Sjømannskyrkja har vore heim for nordmenn, som har vore ute som sjømenn, flyktningar, soldatar og andre som har reist til Skottland. Vi her på vestkysten føler eit sterkt slektskap med dei som bur vest over Nordsjøen. Hordaland fylkeskommune har eit nært band til nabolanda våre i vest. Vi har ei sterk felles historie, sa Husa.

Beate Husa nemnde dei mange nordmennene som reiste over Nordsjøen under krigen.

– Skottland spela ei viktig rolle for oss under den andre verdskrigen. Vi sender juletre kvart år som prov på at vi er takknemlege. Eg har hatt gleda av å representere Hordaland under tenninga. Å kome til Edinburgh er som å kome heim. Vi skal ta vare på desse banda. Eg er glad for at stiftinga «Håndslag til vår eldste sjømannskirke» tek vare på kyrkja og historia. Eg er glad for at de bring litt av Edinburgh til oss, sa Beate Husa.

EdinburghN1000B7538.jpg

– Det fine med kunsten er at den er vidunderleg, den har ingen språkgrenser. Vi kan sjå den for oss sjølve, sa Trond Mohn då han opna utstillinga saman med Lisbeth Iversen (f.v.), kurator Evelyn Holm og fylkespolitikar Beate Husa.  

Gode minne frå Skottland 

Trond Mohn har eit spesielt forhold til Skottland og var invitert til opninga.

– Vennskapet mellom Skottand og Noreg går meir enn 1000 år attende i tid. Vi held fram vennskapet med denne utstillinga. Våre to land har mykje i fellesskap. Vi elskar fridomen, vi er små land, har lang kystlinje og fjell. Vi som bur her, blir minna på kor småe vi er i det tøffe veret. Mange reiste til Skottland under krigen. Bror min og eg vart fødde i Skottland. Foreldra våre hadde berre gode minne derfrå. Det fine med kunsten er at den er vidunderleg, den har ingen språkgrenser. Vi kan sjå den for oss sjølve. Det er eit flott tiltak å sende kunstnarar over til Noreg, sa Trond Mohn.

EdinburghN10100B7552.jpg

– Med utstillinga skal vi bygge sterke band mellom Skottland og Hordaland, sa Phil Archer (t.v.) som saman med Kristina Chan og David Martin deltok under opninga. 

Historiske koplingar 

Alasdair Allan er skotsk minister for Europa.

– Det er mange historiske koplingar mellom Noreg og Skottland, Edinburgh og Hordaland. Med denne utstillinga bygger vi vidare på den, sa den skotske ministeren som og er «far» for stiftinga «Håndslag til vår eldste sjømannskirke» som står bak utstillinga. 

Tidlegare byråd i Bergen, Lisbeth Iversen, er styreleiar for stiftinga.

– Vi bygger vennskap over landegrensene, og vi trenger både vennskap og kunst, sa Iversen og hylla to personar: Styremedlem Terje Inderhaug som har gått i bresjen for utstillinga og Johnny Stiansen som er nytt styremedlem. Begge har hatt sentrale roller i Hordaland fylkeskommune og med vennskapet med Edinburgh.

EdinburghN1000B7564.jpg

Tidlegare fylkesrådmann Paul M. Nilsen (t.h.) og tidlegare økonomidirektør Johnny Stiansen deltok på opninga av utstillinga. Stiansen er nyvald styremedlem i stiftinga «Håndslag til vår eldste sjømannskirke» som står bak utstillinga. Biletet er laga av Kenneth Le Riche. 

Bygge sterke band 

Phil Archer er ein av dei 11 kunstnarane som deltek med bilete på utstillinga.

– Med utstillinga skal vi bygge sterke band mellom Skottland og Hordaland, sa Archer. 

Terje Inderhaug fortel at sjømannskyrkja i Edinburgh er spesiell.

– Eg har alltid vore oppteken av sambandet mellom Noreg og Storbritannia og spesielt sjømannskyrkjene. I Edinburgh finn vi den eldste av dei norske sjømannskyrkjene. Den fyller 150 år i år. Historia til Sjømannsmisjonen starta her. Dette er ein steinkyrkje med tårn. Vi kan tydeleg sjå at det er ei norsk kyrkje, seier Inderhaug.

EdinburghN1000B7549.jpg

Terje Inderhaug (f.v.) i stiftinga «Håndslag til vår eldste sjømannskirke» har stått i spissen for utstillinga. Vidare på første benk: Fylkespolitikar Beate Husa, Lisbeth Iversen (styreleiar i stiftinga), Trond Mohn og Bodil Friele. 

Historisk utstilling 

Leith School of Art har halde til i kyrkja sidan 1988. I dag får over 300 kunstnarar utdanning der. Kyrkja er opprusta for 1,5 millionar kroner. Stiftinga «Håndslag til vår eldste sjømannskirke» har bidrege. Det er planar om eit tilbygg, eit senter der kunstnarar kan bu og jobbe. Her er det og planar om å lage ei utstilling med historia til kyrkja og ein kafé der publikum kan setje seg ned, få seg kaffi og vaflar. 

«Persevere» er tittelen på utstillinga. Ordet tyder «å halde fast ved» og «halde ut». 11 kunstnarar frå Leith School of Art stiller ut 27 kunstverk til og med søndag 25. mars.

Meir om den norske sjømannskyrkja i Edinburgh