Kunst klar til Kristianborg bybanestopp

Det første kunstverket langs bybanetraseen til Fyllingsdalen er no godkjent som forprosjekt. Kunstnaren Jan Freuchen sitt verk består av seks ulike skulpturar, som skal plasserast i tak, veggar og underlag ved bybanestoppet.

Kunstprosjektet langs Bybanen vert leia av Hordaland fylkeskommune sin kunstkomité.

Skulpturane varierer i størrelse og den største har ei breidde på over tre meter. Dei vil bli plasserte i og rundt ein undergang ved stoppet ved Kristianborg. Både reisande med Bybanen, syklande og gåande vil kunne sjå skulpturane. Inspirasjonen til formene har kunstnaren blant anna fått frå krystallformasjonar i grotter.

– Jan Freuchen har presentert ein svært fasinerande ide som vil tilføre stoppet ved Kristianborg noko helt spesielt. Stoppet ligg like før tunellen til Fyllingsdalen og kunstnaren har blant anna tatt utgangspunkt kvalitetar og krystallformasjoner i berget, seier Ronny Skaar, utviklingssjef for kunst- og kulturformidling i Hordaland fylkeskommune.

Må starte tidleg

Verket er enno ikkje ferdig utvikla. No skal kunstnaren arbeide vidare med tankar om korleis overflata av strukturane skal utformast og val av fargar. Det viktigaste i denne tidlege fasen har vore å få verket til å harmonere med planane for både Bybanen, dei syklande og gåande.

– I byggjetrinn fire er vi tidlegare ute med planlegginga av kunsten enn vi har vore i dei tre tidlegare fasane. Dette byr på utfordringar, men opnar òg opp nye moglegheiter for tilpassing og integrering av kunstverka i byggjeprosessen. På Kristianborg jobbar til dømes kunstnaren no i nært samarbeid med arkitektar, ingeniørar og lysdesignarar. Dette er ein styrke for heile utforminga av anlegget, seier Skaar.

Stimulerer sansane og fantasien

Kunstnaren har tenkt at dei seks skulpturane skal danne ei fragmentert, men likevel samanhengande gruppe. Verket vil opplevast på forskjellige måtar avhengig av korleis ein beveger seg. Skulpturane skal lyssettast, slik at både dei og områda rundt får ein fin lyseffekt på kveldstid. Skaar ser frem til at kunstverket kjem på plass og meiner heilt klart at kunstverka langs Bybanen gir ein flott verdi til publikum.

– Kunst er ein tilleggskvalitet både for Bybanen som anlegg og for Bybanen som reise. Det tilfører eit leikent og utfordrande element som stimulerer sansane og fantasien og gjer oss rikare, seier Ronny Skaar.

Kunsten skal stå klar i 2021 eller 2022. Produksjon, transport og honorar til kunstnar er kalkulert til 1,3 millionar kroner.