Korleis planleggje for berekraft i kystsona

Kan vi leve av kystsona i framtida og samtidig bevare sårbar natur? Kva skal til for å balansere næringa og fellesskapets interesser? Dette og fleire spørsmål skal drøftast på Plankonferansen dei to neste dagane.

I morgon brakar det laus. 250 deltakarar frå planmiljøet i Hordaland er samla på Grand Hotel Terminus for å sette eit søkjelys på kystsona på Vestlandet med gode eksempel og erfaringsutveksling frå andre kystkommnunar i landet.

– Årets tema er både krevjande og viktig. Havbruksnæringa er avgjerande for framtida, både for å sikra tilgang til mat, men og i eit klima- og bærekraftsperspektiv. Det som skjer i hav og kystsone har stor betyding for alle, og fylkeskommunen har ein viktig rolle for å sikra både hensynet til miljøet og hensynet til næringsinteressene, og å balansere desse hensyna, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

Interessekonfliktar kan oppstå der sårbar natur og rekreasjonsområde skal eksistere side om side med ulike næringsinteresser og matproduksjon. På plankonferansen skal det drøftast korleis ein kan få til god næringsaktivitet i kystsona og samtidig bevare fellesskapets interesser.

Bellona-samarbeid med oppdrettsnæringa

På konferansen får deltakarane presentert ei rekkje innovative løysingar på denne type problemstillingar. Eit eksempel på dette er Ocean forest – eit spennande samarbeid mellom Lerøy Vest og Bellona der næringsstoff og CO2 frå oppdrettsanlegga blir brukt til produksjon av makroalgar og blåskjell. Desse råvarene blir igjen brukt til fiskefor – eit resirkuleringsløp som kan vere med å redusere miljøavtrykket frå havbruksnæringa.

På konferansen kjem også ei stemme som er kjent som kritikar av oppdrettsnæringa. Mange kjenner nok igjen Kenneth Bruvik frå NRK-serien «Den fantastiske villaksen». I innlegget på Plankonferansen skal han sette eit skråblikk på kystsona.

I tillegg skal fleire kommunar fortelje om sine erfaringar med planlegging i kystsona og akvakulturplanlegging.

Unik møteplass

– Den årlege Plankonferansen er ein viktig møteplass som samlar heile planmiljøet i fylket for å diskutere aktuelle plantema. 28 av 33 kommunar er representert. På deltakarlista i år er heile ti ordførarar, seier Marit Rødseth, plansjef i Hordaland fylkeskommune, som gler seg over den gode politiske deltakinga.

Ho legg til at dette er den einaste konferansen i sitt slag i Hordaland og at mange ser fram til å oppdatere seg fagleg, få inspirasjon og knytte nye kontaktar. Fylkeskommunen bidrar på denne måtet til å byggje ein plattform for samfunnsutvikling i fylket.

På det omfattande programmet er det innleiarar frå både departement og politisk leiing i Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommune. I tillegg kjem representantar frå konsulentselskap og ulike forskingsmiljø.

Samanslåinga med Sogn og fjordane fylkeskommune nærmar seg. På gjestelista i år er det fleire gjestar frå Sogn og fjordane – både deltakarar og føredragshaldarar.