Korleis i alle dagar skal fylkesvåpenet sjå ut?

Ja, det spør vi innbyggarane om hjelp til fram til 20. juni.

I denne perioden er det open innspelsrunde og første del av konkurransen, som til slutt skal gje vestlandsfylket det nye fylkesvåpenet.

– Dette er ei milepæl i arbeidet fram mot ei felles identitet i ein samla ny vestlandsregion, seier fylkesordførarane Anne Gine Hestetun i Hordaland og Jenny Følling i Sogn og Fjordane.

Dei er glade for å invitere alle innbyggarane til å delta i konkurransen, anten dei vel å komme med forslag sjølve eller berre stemme på dei beste forslaga i august.

Alle kan stemme på sin favoritt

Når alle forslaga er komne inn 20. juni skal ein folkejury og ein fagjury velje ut 10 finalebidrag kvar. Desse går vidare til ei online stemmegjeving der alle innbyggarane kan stemme på sin favoritt. Forslaga går så vidare til minst tre designbyrå. Dei står fritt til å bruke forslaga som inspirasjon eller teikne eit nytt forslag ut frå tema gitt av ein fagkomité. Det er fylkestinga i dei to fylka, som til slutt skal vedta nytt fylkesvåpen i desember. 

Heraldisk tradisjon

Riksvåpen, fylkesvåpen og kommunevåpen står alle i den heraldiske tradisjon. Det betyr at våpenet skal være enkelt, i 2D og ha eit figurmotiv, ein farge og eit metall i gull eller sølv.

Fylkesvåpenet til Hordaland viser ei krone over to krosslagde øksar. Utgangsmotivet er Onarheimsseglet frå 1344. Øksane skal truleg symbolisera olsokdagen 29. juli og den vesle olsokdagen 3. august, den tidbolken då St. Olavsgildet var samla på Onarheim. Krona er kongekrona til Olav den heilage, og øksane er helgenmerket hans. Våpenskjoldet vart godkjent i 1961. 

Sogn og Fjordane sitt våpenmerke har ein abstrahert, moderne form og symboliserer natur/landskap. Våpenmerke er knytt til stadeigen geografi: dei tre blå fjordane Nordfjord, Sunnfjord og Sognefjorden. Sølvbotnen er symbol for landskapet mellom fjordane. Våpenskjoldet vart godkjent ved i 1983.