Kommunane skal snart i dialogmøte

Snart skal kommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane i dialogmøte med Nye Vestland fylkeskommune. Sjå når din region skal møte!

– Regionreforma er ein demokratireform. Derfor er det viktig for meg og for fellesnemnda at kommunar, organisasjonar og sivilsamfunn for øvrig deltek aktivt i prosessen og blir med på å forme det nye, store Vestland. Eg gler meg til å høyre innspela dei har, og til å ha god dialog om korleis Vestland skal sjå ut i framtida, seier Anne-Gine Hestetun, fylkesordførar i Hordaland og leiar av fellesnemnda.

Planstrategi

Føremålet med møta er å få fram kunnskap og innblikk i utfordringar i ulike deler av det nye fylket, som rører ved Vestland fylkeskommune si rolle som tenesteleverandør og samfunnsutviklar.

Utfordringar i denne samanhengen kan omfatte både moglegheiter som bør utnyttast der ein har særlege fortrinn, og svake sider i høve til ønska utvikling. Innspela frå møta skal inn i eit samla utfordringsdokument for Vestland fylke, som skal liggje til grunn for ny regional planstrategi.

Dei som vil bli inviterte til møte er representantar for kommunane, regionråda og viktige nærings- og samfunnsaktørar, i tillegg til fellesnemnda sitt arbeidsutval og fylkesadministrasjonen.

Datoane klare

Fellesnemnda sitt arbeidsutval har no vedteke datoar og opplegg for dialogmøta med kommunane og regionråda i Vestland. Sjå kva tid arbeidsutvalet kjem til din region (oppdatert liste januar 2019):

Bergen, 4. februar 2019
Regionrådet Vest
kommunar i Bergensalliansen
Bergen, Askøy, Fjell, Øygarden, Sund, Os, Fusa, Samnanger, Vaksdal

Voss, 6. februar 2019
Hardangerrådet
Sogn regionråd
Voss kommune
Lærdal, Årdal, Aurland, Luster, Sogndal, Leikanger, Balestrand, Vik, Høyanger, Voss, Granvin, Ulvik, Eidfjord, Ullensvang, Odda, Jondal, Kvam

Gulen, 7. februar 2019
Regionrådet Nordhordland
HAFS
Hyllestad, Solund, Askvoll, Fjaler, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen, Radøy, Lindås, Meland, Osterøy

Førde, 26. mars 2019
Samarbeidsforum i Sunnfjord
Nordfjordrådet
Selje, Eid, Vågsøy, Flora, Bremanger, Stryn, Gloppen, Gaular, Førde, Jølster, Naustdal

Leirvik, 29. april 2019
Samarbeidsrådet for Sunnhordland
Sveio, Bømlo, Etne, Austevoll, Stord, Fitjar, Tysnes, Kvinnherad