Julegåva frå Hordaland tent i Edinburgh

Jula har starta i Edinburgh med tenninga av grana som er ei gåve frå Hordaland til hovudstaden i Skottland. Jon Askeland, leiar av utval for miljø og samferdsel, leia den norske delegasjonen over Nordsjøen.

I alle år, som takk for den skotske hjelpa under den andre verdskrigen, har Hordaland gjeve ei julegran i gåve til folket i Edinburgh. Det var folkefest i gatene då julegrana vart tent. Rundt 25 000  møtte fram på den årlege lysfesten.

EdinN1000B1.jpg

Jon Askeland, leiar av utval for miljø og samferdsel, leia delegasjonen frå Hordaland og hadde med seg konstituert fylkesdirektør for kultur og idrett, Per Morten Ekerhovd og konstituert fylkesrådmann Ingrid Holm Svendsen.

Møtte borgarmeisteren

Den som fekk æra av å tenne julegrana, var Saskia Eng, som er frå Edinburgh og som vart nummer to i sangkonkurransen The Voice i Storbritannia haust.

Delegasjonen frå Hordaland møtte borgermesteren i Edinburgh, Lord Provost Frank Ross som saman med Jon Askeland talte til dei mange frammøtte.

edinN1000B5.jpg

Leiar av utval for miljø og samferdsel i Hordaland, Jon Askeland hadde samtalar med borgarmeisteren i Edinburgh, Lord Provost Frank Ross.

Adventskonsert

I tillegg til tenninga av julegrana vart det skipa til ein kongeleg norsk adventskonsert med musikarar mellom anna frå Hordaland, i år med Benedicte Mauseth på hardingfele og Stein Urheim på gitar. Konserten er eit samarbeid med dirigenten Eric von Ibler, etter ein lang tradisjon, og blir kvart år skipa til i St Giles-katedralen med støtte frå det norske honorære generalkonsulatet i Edinburgh.

edinN1000B4.jpg

To musikarar frå Hordaland deltok på den årlege konserten i samband med lysfesten i Edinburgh: Benedicte Mauseth på hardingfele og Stein Urheim på gitar.