Jobbar for meir samferdslepengar til Hordaland

– Etter møtet i Oslo 8. februar er eg trygg på at me har fått gjeve Hordalandsbenken gode argument til at dei samarbeider med fylkespolitikarane om å jobba for meir samferdslepengar til Hordaland, seier leiar i utval for miljø- og samferdsel, Jon Askeland.

Miljø- og samferdselsutvalet sitt mål med møtet var å gje stortingsrepresentantane argument for å få retta opp skeivfordelinga av samferdselsmidlar til Hordaland. Me meiner at Hordaland må få meir av vår rettmessige del av midlane til rassikring, tunneldirektiv/tunnelsikring, ferjefornying og vegvedlikehald, seier utvalsleiar Askeland.

– Me presenterte fakta slik at hordalandspolitikarane har argumenta på plass når Stortinget handsamar saker og budsjett som gjeld samferdsel.

Ras og tunellar

Både når det gjeld tunellopprusting og rassikring trengst det store midlar til Hordaland. Nesten 25 % av alle tunnelane i landet finst i Hordaland, og Hordaland og Sogn og Fjordane er dei to fylka som har størst omfang av rasutsette vegar.

Til opprusting av 259 tunellar på riks- og fylkesvegane i Hordaland trengst det nær 2,5 milliardar kroner.

Miljøsatsing

Hordaland fylkeskommune har satsa på ei stortstilt fornying til miljøvenlege ferjer. Utsleppa frå ferjene vil verta redusert med 90 %, men kostnadene vert høge. I 2020 vil netto meirkostnad med drifta verta på 240 mill. kr årleg.

– Denne store miljøsatsinga, som skjer etter pålegg frå staten, må staten bidra til å finansiera. Og nesten samtidig skal me gjennomføra nye bussanbod med miljøvenlege bussar. Også det vert økonomisk utfordrande, seier Jon Askeland.

Godt møte

Askeland fortel at utvalet hadde eit nyttig møte med Hordalandsbenken. Heile 12 av dei 16 stortingsrepresentantane frå fylket deltok. – Me fekk heile 55 minutt til rådvelde for møtet, noko som er sjeldan lenge. Det var eit godt møte med stortingsrepresentantane våre som var både engasjerte, deltakande og lyttande.

Utover dette møtet var Oslo-turen ein studietur der temaa var kollektivtransport, sykkelby, mobilitet og teknologiskiftet knytt til digitalisering. Alle stader møtte me dyktige, engasjerte folk, som gav oss overførbar og relevant informasjon til stor nytte i arbeidet i utvalet for miljø og samferdsel, seier utvalsleiaren.