Parkering for alle ved to kollektivterminalar

To innfartsparkeringar i Bergen blir opna for vanleg parkering. Det er parkeringshuset ved Birkelandskiftet terminal og uteparkeringa ved Storavatnet/Godviksvingane. Det kostar 30 kroner dagen å parkere her.

Til no har desse parkeringsplassane vore reservert for reisande med Periode-Skyss. Men ein del parkeringsplassar har vore ledige. Dette har publikum og politikarar lagt merke til, og dei ønskjer at andre og kan nytte dei. Fylkesrådmann Rune Haugsdal har derfor bestemt at alle skal kunne bruke desse parkeringsplassane som ei straksløysing. 

Parkeringshuset ved Birkelandskiftet terminal er opna for allmenn bruk, mens uteparkeringa ved Storavatnet/Godviksvingane blir opna over påske når ny skilting og billettautomat er på plass. 

258 parkeringsplassar 

Ved Birkelandsskiftet terminal er det etasje 0 (innkøyringsetasjen) som blir opna for allmenn parkering. 1. etasje blir framleis reservert for reisande med Periode-Skyss. Ny skilting og betalingsautomat er installert, ved trappehus/heis. Det er ingen bom. Du betalar anten på automaten eller via app. Det er totalt 258 parkeringsplassar her. 

Maksimum parkeringstid er 20 timar. Det er gratis parkering frå kl. 18.00 til kl. 06.00 og i helgane. Halvparten av ladeplassane i etasje 0 er reservert for betalande, men den andre halvparten for reisande med Periode-Skyss. 

Opnar over påske 

Uteparkeringa ved Storavatnet/Godviksvingane opnar over påske når det er mogeleg å gjennomføre gravarbeidet. Her er det 105 parkeringsplassar som alle blir tilgjengelege anten med Periode-Skyss (oblat i vindauget) eller via betaling. Det er ikkje nødvendig med kvittering i vindauget. Kontrollørane scannar bilskiltet for å sjekke betaling. Legg merke til at parkeringa ved sjølve terminalen ved Storavatnet framleis berre er for Periode-Skyss. 

At det blir opna for allmenn parkering medfører inga endring for reisande med Periode-Skyss. Dei parkerer, med synleg oblat, på same måte som før i område avgrensa til dette føremålet.