Innfører bompengar for elbilar

Elbilar og andre nullutsleppskøyretøy skal betala 50 prosent bompengar ved alle bompengeprosjekt i Hordaland. Unnatak er bomringen i Bergen der det tidlegare er vedteke elbiltakst på 10 og 20 kroner.

Eit samrøystes Hordaland fylkesutval vedtok dette i møte 25. oktober. 

For bomringen i Bergen er det fastsett i avtalen om Miljøløftet at elbilar skal betala ein rabattert takst på ti kroner utanom rushtid og 20 kr i rushtida frå det tidspunkt elbilar utgjer 20 % av alle passeringar. Det er venta at 20-prosentgrensa vil verta nådd våren 2019. 

Før det kan innførast bompengebetaling for nullutsleppskøyretøy må det i tillegg til vedtaket i fylkeskommunen også gjerast vedtak i aktuelle kommunar for kvart prosjekt. 

Bømlo og Askøy kommunar, har ved sida av Bergen, gjort nødvendige vedtak for sine prosjekt.

Dei fleste bompengeprosjekta i Hordaland har hatt lågare inntekter enn budsjettert grunna auken i elbildelen. Innføring av takst for nullutsleppskøyretøy vil bidra til å sikra planlagd finansiering av eksisterande prosjekt, like eins bidra til å realisera ein større del av prosjektporteføljen for eksisterande bompengepakker. 

I Halsnøysambandet i Kvinnherad utgjer elbilar 30 % av passeringar i første halvår 2018. Nest høgast er Askøypakken med 25 %, deretter bomringen i Bergen med 16,6 % og Bømlopakken (Spissøy) med 16,2 %. På ferjene til og frå Austevoll var elbildelen 13,1 % i første halvår 2018.