Idrettsstipend til fem unge talent

Hordaland fylkeskommune har tildelt utviklingsstipend til fem lovande utøvarar.  Det blei og heidra seks idrettsutøvarar for særleg gode resultat i år, då dei har vunne medalje i VM eller OL i 2018.

Kvart stipend er på 30 000 kroner, og blei delt ut på Hordaland fylkesting i dag av Beate Husa, leiar av utval for kultur, idrett og regional utvikling.

Hordaland fylkeskommune har kvart år sidan 1994 tildelt utviklingsstipend til unge lovande idrettsutøvarar frå Hordaland. Målet er å gje utøvarane høve til vidare utvikling og stimulans innan den aktuelle idrettsgreina. 

Desse fekk utviklingsstipend i år:

Gaute Kvåle – Langrenn (Røldal) 23 år

  • Representerer Røldal IL
  • 5. plass U-23 15 km fristil
  • 6. plass U-23 VM 30 km skibytte
  • 2 topp 15 plassar i NM
  • Mål om å vere medi Beijing OL 2022
Une Kvelvane– Skiskyting (Voss) 21 år
  • Representerer Voss Skiskytterlag
  • Sølv i stafett Junior-VM
  • 12. plass Jaktstart Junior-VM
  • Gull i sprint Junior-NM.
  • Klart mål om å etablere seg på seniorlandslag og slåss om medaljer i internasjonale mesterskap

Martine Kolbeinshavn Hjørnevik – friidrett (Bergen) 17 år

  • Representerer IL Norna-Salhus
  • U-18 europameister på 100m hekk
  • U-20 norgesmeister 100m hekk
  • Sølv i European Youth Olympic Festival
  • Årsbeste i verda 60 m hekk innandørs (U-18)
  • Mål om å etablere seg i verdstoppen.

Vetle Thorn – Triathlon (Bergen) 19 år

  • Rrepresenterer Åsane Cycleklubb
  • Junior europamester 2018
  • Nr 5 Junior-VM
  • Nr 1 på Junior Europa-ranking
  • Klar målsetting om å etablere seg på det norske triathlonlaget som pr i dag er rangert som eit av verdas beste.

Maria Seth Brochmann – Fotball (Bergen) 25 år

  • Kaptein på Arna-Bjørnar
  • Toppscorar i A-B
  • Utteken på A-landslaget

OL- og VM-medaljørar fekk merksemd

medaljørar.jpg

Blomar og kunstverk: Morten Ivarsen (frå Olympiatoppen, representerte Tommy Urhaug), Jannice Monsen (mor til Sindre Henriksen), Ingunn Trædal (sambuar til Sverre lunde Pedersen), Anders Mol, Kristoffer Schetlein (bror til Stian Schetlein) og Hans Dankertsen (dagleg leiar i Fana IL, representerte Håvard Lorentzen).

Hordaland fylkesting heidra og seks utøvarar for særleg gode prestasjonar i 2018 med eit bilete i Sveinung Iversen sin serie «Idrettsbilete». Dette er for medaljeplassering i senior verdsmeisterskap og verdscup samanlagt, olympiske leikar og verdsrekordar.

Desse blei hedra på onsdag:

  • Håvard Lorentzen (Fana IL): VM-gull skøyter/sprint, OL-gull skøyter 500 m, OL-sølv skøyter 1000 m og gull i Word Cup samanlagt.
  • Sverre Lunde Pedersen (Fana IL): OL-gull skøyter/lagtempo, OL-bronse skøyter 5000 m, VM-sølv skøyter allround.
  • Sindre Henriksen (Fana IL): OL-gull skøyter lagtempo
  • Tommy Urhaug (Stord btk): VM-bronse bordtennis para
  • Anders Mol (Strandvik sandvolleyballklubb) Verdsserien i sandvolleyball
  • Stian Schetlein (Hjellestad jetski): VM-gull jetski slalom

Berre Anders Mol, som driv med sommaridretten sandvolleyball, kunne stille i Bergen under utdelinga.