Hordaland fylkeskommune vann tilgjengeprisen for veganlegg på Fjell

Fylkeskommunen deler tilgjengeprisen saman med Statens vegvesen region vest, for utforminga av det nye veganlegget, fylkesveg 209, parsellen mellom Storskaret og Arefjordpollen på Litlesotra.

Tilgjengeprisen er ein pris som blir delt ut av kommunalt råd for menneske med nedsett funksjonsevne i Fjell kommune.

Kjell Gitton Håland, leiar av rådet for menneske med nedsett funksjonsevne i Hordaland, mottok torsdag prisen på vegne av fylkeskommunen; eit kunstverk og 5000 kr.

- Det er stort å få denne prisen. Han motiverar til å halde fana høgt! Universell utforming er viktig for å skape eit inkluderande samfunn. Målet er at alle skal kunne delta i samfunns- og arbeidsliv. Då må samfunnet legge til rette for dette. Hordaland fylkeskommune har her eit stort og viktig ansvar, som vegeigar, skuleeigar og som ansvarleg for kollektivsystemet i fylket. Gir vi folk betre mobilitet, så gir vi dei også betre moglegheiter til å nytta eigne ressursar, til beste for individet og samfunnet. Til dømes kan tilgjengeleg infrastruktur for nokon bety forskjellen mellom å kunne vera yrkesaktiv eller ikkje, seier Håkon Rasmussen, fylkesdirektør for samferdsel i Hordaland fylkeskommune.

Fjell kommune seier dette om vinnaren:

  • Det nye veganlegget, parsell av FV209 Storskaret – Arefjordpollen, har fått ei estetisk flott og universell utforming.
  • Gode ledelinjer med merksemdsfelt og farefelt mellom busskur og fortauskant, gjer det enklare for blinde og svaksynte å vita kvar bussdøra er å finne.
  • Ledelinjer med merksemdsfelt og farefelt og ekstra god belysning i fotgjengarfelta.
  • Fortau, og  gang/sykkelvegar med god breidde og gode stigningsforhold m.a. med tanke på maskinelt vintervedlikehald og brøyting
  • Det same gjeld gangbru som kryssar køyrebana
  • God samanheng med gang- og sykkelvegen mellom Knarrvika og Straume sentrum

Tilgjenge for alle

Formålet med tilgjengeprisen er å oppmuntre til å gjere eit kvart miljø tilgjengeleg for menneske med nedsett funksjonsevne. Eit utvida omgrep og universell utforming vert lagt til grunn. Tilgjenge til bygningar, informasjon, kultur, friluftsliv, idrett, familie, vener, kollegaer, nærmiljø og serveringsstader. Universell utforming av vegar, bruer, fortau er òg avgjerande for alle som skal ferdast - og koma seg fram ute.

Tilgjengeprisen kan delast ut til den einskildpersonen, organisasjonen, bedrifta eller den offentlege etaten som har gjort ein særs verdfull innsats for å betra tilgjenge for menneske med nedsett funksjonsevne i lokalmiljøet eller kommunen.

Nokre kriteria for kunna få tilgjengeprisen:

  •  Tiltaket skal koma flest mogleg brukargrupper til gode
  • Kvaliteten (gjennomføringa) skal vera god
  • Kandidaten har synt ei positiv haldning til og/eller forståing for å leggja til rette for universell utforming