Hordaland best på elektrifisering

– Hordaland er eit stjerneeksempel på korleis det offentlege kan bruke innkjøpsmakt miljøvennleg og innovativt, seier adm.dir. Frank Jaegtnes i Elektroforeningen etter at Hordaland er kåra til beste fylke på elektrifisering.

Ein stolt og glad fylkesordførar Anne Gine Hestetun mottok Elbarometerprisen 2018 av statssekretær i klima- og miljødepartementet, Atle Hamar, på 100 årsjubileumskonferansen for Elektroforeningen i Oslo onsdag kveld. Alle fylke i landet var med i konkurransen. Til slutt stod tre kandidatar igjen: Oslo, Trøndelag og Hordaland.

På det internasjonale kartet 

Hordaland gjekk heilt til topps fordi fylket har sett seg på kartet internasjonalt som den leiande regionen i elektrifisering av martim sektor og for å legge til rette for elbilar.

– Noreg kan bli det første heilelektriske samfunn i verda. Då treng vi ambisiøse politikarar som tørr å sette tøffe mål, sier Frank Jaegtnes. 

Ingen annan stad i verda

Juryen legg vekt på at fylkespolitikarane i Hordaland har vedteke at alle 17 fylkeskommunale ferjesamband skal bli heil- eller delelektrifisert. Ingen annan stad i verda vil det blir så tett med elektriske ferjer.

Juryen peikar og på at Hordaland er i verdstoppen i tal elbilar av den totale bilparken, og ligg godt an til å bli det første fylket med 100 prosent elbilar av nybilsalet. Fylkeskommunen har tatt ei aktiv rolle i utbygging av hurtigladarar for å gjere dette mogeleg. Juryen framhever særlig innsatsen fylkeskommunen gjer for at heile fylket skal elektrifiserast.

Hordaland skil seg ut ned

Juryen er samansett av leiar i Bellona, Frederic Hauge og leiar av Elektroforeningen, Frank Jaegtnes. Juryen seier det var svært jamt mellom dei tre finalistane, men Hordaland skil seg likevel ut, gjennom svært ambisiøse politiske mål, ein internasjonal leiarposisjon på enkelte område og sterkt satsing på å elektrifisere både by og land.

50 milliardar kroner og 13 000 årsverk 

Elektroforeningen (EFO) er ein bransjeforening for produsentar, importørar og grossistar av elektroteknisk materiell, utstyr og løysingar. Medlemmene leverer alt frå stikkontaktar og lyspærer til avanserte landstraumanlegg, nordsjøkablar og distribuerte energiløysingar for framtida. Samla åromsetnad er over 50 milliarder norske kroner og i alt har dei over 13 000 årsverk.