Her er folkejuryen sine ti favorittfylkesvåpen

– Det er utruleg kjekt å vere med på å skape historie, seier folkejurymedlemane frå Hordaland og Sogn og Fjordane som i dag samla seg om ti favorittfylkesvåpen.

Det var ti spente jurymedlem frå aust og vest, nord og sør i vårt nye storfylke som samla seg i fylkeshuset i Bergen denne regntunge laurdagen. Nokre hadde starta dagen med å reise klokka 05.30, andre nærmast spaserte frå Bergen sentrum.

Felles er det at dei ville ta del i historia, og seie si meining om kva for motiv som skal samle og representere Vestland fylkeskommune.

Per Morten Ekerhovd, fylkesdirektør for kultur og idrett i Hordaland fylkeskommune ønskte dei velkommen.

– Vi er svært glade for det store engasjementet som folk viser for det nye fylkesvåpenet. Talet på innsendte forslag var over all forventing. Mange har også ønskt å vere med i folkejuryen. Dermed kunne vi setje saman ei gruppe med medlemar frå heile det nye fylket, seier han.

Ulike grunnar til engasjement

– Først så eg raskt gjennom alle forslaga, og plukka ut mine favorittar. Så las eg meg opp på heraldikk, og gjekk gjennom det ein gong til, og såg at eg kunne behalde dei fleste av mine favorittar, seier Renate Rebnord Matre (44) frå Lindås.

Denne framgangsmåten gjekk igjen hos fleire av jurymedlemane. Nokre las gjennom dokumenta på fly, andre måtte høyre med familie og vener før dei fann sine fem kandidatar.

Øystein Hassel (25) frå Bergen har vore oppteken av kommunevåpen frå han var liten. Kristian Endal (21) frå Måløy  melde seg fordi han synest det er viktig  at yngre engasjerer seg, mens Susan Abdallah (40, Stord) som har budd i Norge i ti år, melde seg fordi det er viktig for å vise at det ikkje er umuleg for innvandrarar å komme inn i det som har med samfunnet å gjere.

Sekretariatet jobbar.jpg

David Aasen Sandved, fylkeskonservator frå Hordaland fylkeskommune og Arlen Synnøve Bidne, seniorrådgjevar frå kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune, leia møtet. Foto: Jennifer Fossnes, Hordaland fylkeskommune.

– Eg vil ha noko stilig!

Etter eit miniforedrag om heraldikk, som er veten om våpenskjold, presenterte jurymedlemane sine fem favorittar for kvarandre. Sjølv om dei hadde 667 motiv å velje frå, var det fleire av forslaga som gjekk igjen som favoritt.

Resten måtte juryen til slutt stemme over. Var det ikkje sånn at dette eine forslaget kunne minne for mykje om ein BH? Og det motivet der, kan det sjå ut som eit ultralydbilete?

– Eg vil ha eit fylkesvåpen som er lett å kjenne att, og som er stilig, stadfesta Jarle Birger Arnes (52) frå Bergen.

Diskusjonen var livleg og god rundt bordet, og klokka 15.59 var dei einige om ti motiv som dei alle kunne stille seg bak.

Nettavstemming med fagjuryfavorittane i neste veke

– Desse har no peikt ut symbol som er samlande, typiske og varige og som går vidare til nettavrøystinga!  Det er berre å glede seg til den vidare prosessen, seier Ekerhovd.

På onsdag i neste veke vil vi avsløre fagjuryen sine ti favorittmotiv. Er det nokre av dei som er dei same som folkejuryen har kome fram til? Då opnar og nettavstemminga der du kan taste fram di favoritt.

Sjå alle ti folkejuryfavorittane, forklaring og ikkje minst namn på dei som ha kome med forslaga

 

Folkejuryen samla.jpg

Folkejuryen, frå venstre: Kamilla Rivedal, Renate Rebnord Matre, Jarle Birger Arnes, Kristian Endal, Sigurd Andre Maraas, Kjellaug Gjerstad Norheim, Øystein Hassel, Rasmus Mo, Marit Solveig Nedrebø, Susan Abdallah. Foto: Jennifer Fossnes, Hordaland fylkeskommune

Namn

 

Kommune/stad

Fylke

Alder

Øystein Hassel

 

Bergen

Hordaland

25

Jarle Birger Arnes

 

Bergen

Hordaland

52

Sigurd Andre Maraas

 

Fitjar

Hordaland

43

Renate Rebnord Matre

 

Lindås

Hordaland

44

Susan Abdallah

 

Stord

Hordaland

40

Kjellaug Gjerstad Norheim

 

Voss

Hordaland

72

Marit Solveig Nedrebø

 

Gaular

Sogn og Fjordane

46

Kamilla Rivedal

 

Holmedal

Sogn og Fjordane

18

Rasmus Mo

 

Sogndal

Sogn og Fjordane

59

Kristian Endal

 

Vågsøy

Sogn og Fjordane

21