Heidrar svært flinke elevar

– Her er det strødd med seksarar. Vi har svært høgt nivå, seier rektor Lise Holsen ved Bergen Katedralskole. Ho er svært nøgd. Fire av elevane har kvalifisert seg til internasjonal OL i realfag, og ein elev gjekk heilt til topps i den nasjonale skrivekonkurransen til Fritt Ord.

– Eg er utruleg stolt og glad over det elevane har lukkast med. Eg har aldri før opplevd elevar som har kome så langt, seier rektor Holsen som påskjønnar kvar elev med 500 kroner. 

Dei fire elevane som skal til OL i realfag er Birk Tjelmeland (OL i informatikk), Victoria Dontsova (OL i biologi) Max Cao og Ole Johan Walderhaug (begge OL i fysikk). Selma B. Norup vann konkurransen til Fritt Ord for vidaregåande elevar. 

Frå 9. til 1. plass 

Birk Tjelmeland har vore med i OL i informatikk alle tre åra på Bergen Katedralskole. I år gjekk han heilt til topps og vart best i landet av 328 elevar.

– Første gongen gjorde eg det ikkje så bra med 9. plass i den norske finalen. I fjor fekk eg delt 2. plass og var i den internasjonale finalen i Iran. Den vart dominert av kinesarar og russarar, men Noreg har tidlegare teke to sølvmedaljar, seier Tjelmeland. 

I år skal han først til Nordisk/Baltisk OL i informatikk i Stockholm i månadskiftet april/mai. Deretter går den internasjonale OL-finalen i Japan i september. Til hausten er planen å ta fag på Universitetet i Bergen. 

Mange flinke 

Victoria Dontsova gjekk og heilt til topps i den norske OL-finalen i biologi.

– Det var gøy, men oppgåvene var ganske vanskelege. Mange flinke elevar var med, seier Dontsova. 

1082 deltakarar var med i kvalifiseringa. Dontsova blir ein av fire som skal til den internasjonale OL-finalen i Iran, ei veke midt i juli. 

Gøy og lærerikt 

Max Cao og Ole Johan Walderhaug tok 6. og 5. plass i den norske OL-finalen i fysikk.

– Det var gøy og lærerikt å vere med. Berre eit halvt poeng skilde oss, seier Walderhaug. 

930 deltakarar var med. Begge skal til den internasjonale OL-finalen i Portugal mot slutten av juli. 

Max Cao har planane klare til hausten.

– Eg skal til London og studere innan maskin, fly eller bygg. Eg har vore på opptaksprøver og har kome inn, seier Cao.

Til topps i fritt ord 

Selma B. Norup vann den nasjonale konkurransen til Fritt Ord «Propaganda».

– Eg skreiv eit essay om ei personleg oppleving då eg var i USA i tre månader i 2015 under nominasjonen til presidentvalet. Eg skreiv om mekanismane som bidrog til at Donald Trump vart vald, seier Norup. 

I førre veke reiste ho saman med læraren til Oslo der ho tok imot prisen på 20 000 kroner og ei reise til Strasbourg der mellom anna EU-parlamentet og Menneskerettsdomstolen er.

– Eg måtte opp på scena og snakke om oppgåva. Eg likar å skrive og har skrive mykje, seier Selma B. Norup, som kalla essayet «Ut av dvalen». Morgenbladet har publisert det på nettsidene.

Seks i dei norske finalane 

Bente Færøvik er avdelingsleiar ved skulen.

– I år har vi seks elevar som har vore i dei norske finalane. Skulen organiserer konkurransen, og faglærarane oppmodar elevane om å bli med, seier Bente Færøvik.

«Ut av dvalen» vinnaressayet i Fritt Ord skrive av Selma B. Norup