Grunnlag for optimisme i verftsindustrien

Ein ny rapport frå Hordaland fylkeskommune viser at dei oljerelaterte næringane kan ha reagert for hardt på oljeprisfallet i 2014, og at det er grunnlag for optimisme dei neste to åra.

Hordaland fylkeskommune publiserer i dag ein analyse av produksjonen i verftsindustrien som viser at større oljepris- og ordreendringar ikkje får umiddelbare konsekvensar, men skjer gradvis over to år. Den viser òg at optimismen som no brer seg på Vestlandet ikkje er overraskande.

– At optimismen i bransjen no stig igjen er ei stadfesting av dei analysefunn vi har gjort, seier fylkesdirektør for regional utvikling, Bård Sandal. Han meiner at dei oljerelaterte næringane kanskje reagerte litt for hardt på prisfallet i 2014.

– Rapporten gjer at vi kan fange opp signaler tidleg og vere raskt på ballen. Den omstillingsprosessen Hordaland til no har vore gjennom beviser at det er mykje vi kan få gjort i løpet av to år, seier Sandal.

Toårsperspektivet er også nyttig når fylkeskommunen skal dimensjonere utdanningstilbodet i tråd med arbeidslivet sitt behov.

Tiltak som verkar

Bård Sandal viser til fleire vellukka omstillingstiltak og samarbeid der Hordaland fylkeskommune er sentral aktør. Dette gjeld mellom anna prosjektet «Frå Olje og Gass til Havbruk» som har lukkast med å overføre teknologi og kompetanse frå olje og gass-bransjen til havbruk-bransjen. Prosjektet er eit samarbeid mellom subsea-klynga GCE Subsea og oppdrettsklynga NCE Seafood. Han framhevar også prosjektet «Omstilling i leverandørindustrien» i regi av Innovasjon Norge. Prosjektet ser på tiltak for ny vekst i dei små og mellomstore bedriftene i bransjen.

Ser lyst på dei neste åra

Prisen på nordsjøolje stupte hausten 2014, og nådde botn i januar 2016. Oljeprisen har stige etter dette, og ligg no i overkant av 70 dollar.

– Rapporten frå fylkeskommunen viser at verftsindustrien skal ha tilpassa seg det kraftige oljeprisfallet innan første kvartal i år. Optimismen vi ser no kan sporast tilbake til prisauken som starta i 2016, seier Sandal, som også ser lyst på tida framover:

– Dagens pris på over 70 dollar fatet vil truleg gje aukande optimisme dei neste to åra.

Fortsatt behov for omstilling

Sjølv om det ikkje er grunn til uro no, kan nye kriser likevel kome.

– Vi må heile tida vere budd på omstilling. Den omstillingsprosessen som verftsindustrien i Sunnhordland no gjennomgår bør ikkje stoppe opp, sjølv om verfta no kan puste litt med magen, seier Sandal.

Han peiker spesielt på industrinettverket Atheno sitt arbeid med å utvikle nytt klyngesamarbeid rundt dei store industriaktørane i Sunnhordland med fokus på auka digitalisering og robotisering.

– Klyngesatsinga, som også skal gi fagarbeidarar, teknikarar og ingeniørar betre kompetanse til å jobbe i framtidas digitaliserte industri, vil gjere bedriftene mindre sårbare og betre skodd til å møte nye utfordringar i framtida, seier Sandal.