Grep mot matsvinn i Hordaland fylkeskommune

Fylkeskommunen har etablert eit samarbeid med Beredt for å redusere matsvinn. I ei veke i vinter gjorde ein nokre tiltak, og resultatet vart at matavfallet blei redusert med 33 prosent.

Matsvinn og matkasting er ei stor utfordring. Kvart år kastar kvar nordmann i snitt 42 kg mat som kan etast.

Fylkestinget vedtok i desember i samband med handsaming av budsjett for 2018 at fylkeskommunen skal utarbeide ein strategi for å redusere matsvinn og matkasting i fylkeskommunale verksemder. 

14 kilo mindre avfall på ei veke

Som oppfølging av vedtaket i fylkestinget har fylkesrådmannen etablert eit samarbeid med Beredt, som driftar kantinane i fylkeshuset, på fagskulen, Amalie Skram vgs, Ado Arena og Nordahl Grieg vgs.

I første omgang vart det gjort ei kontrollmåling av omfanget av matavfall ved kantina i fylkeshuset i veke 7. Dette vart så følgd opp med ein innstrammingsperiode i veke 8 der ein gjorde tiltak for å redusere mengda av matavfall. Tiltaka var mellom anna å ha mindre ferdig mat ståande framme, til fordel for heller å kunne lage varer og rettar på bestilling, og opphenging av plakatar ved avfallsstasjonane for å bevisstgjere kantinebrukarane.

Samanlikninga av måleresultata i veke 7 og 8 viste ein reduksjon i avfallsmengda frå 47 kilo til 33 kilo – til saman ein reduksjon på 33 prosent. Sjølv om det er tale om ein monaleg reduksjon, er det likt til at mengda avfall er tett knytt til menyen, og at nokre typar varer og rettar vil gje meir avfall enn andre. Til dømes vil rettar med bein, som til dømes salt kjøt og raspeballar, bidra til å dra opp snittet. 

Nyttar med små grep

Måleperioden viser at sjølv små grep kan gje gode resultat. Vidare potensial for forbetring er særleg knytt til rutinar for møtemat og styrka tilrettelegging for kjeldesortering. Fylkesrådmannen vil følgje opp dette vidare i samarbeid med Beredt.

Innstrammingsrutinane for å redusere matsvinnet er no fast innført i kantinane som Beredt driftar for HFK. For å oppretthalde den gode praksisen, vil Beredt legge opp til månadlege målingar i kantina i fylkeshuset. Det vil bli foretatt tilsvarande kontrollmålingar også ved dei andre kantinane som Beredt driftar for HFK. Det vert også sendt ut enkle tips til reduksjon av matavfall til andre einingar i fylkeskommunen der det vurderast å vere potensiale for reduksjon av matavfall.