Gratulerer lærling nummer 50

– Vi har bruk for læreplassar, og det offentlege må gå foran som eit godt døme, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun som gratulerer Stine Drageset som den 50. lærlingen i Hordaland fylkeskommune denne hausten.

Stine Drageset er lærling i hestefaget ved Voss vidaregåande skule.

– Eg hadde eigentleg tenkt å ta meg eit friår etter to år på hestelinja her, men så ringte læraren min og lurte på om eg ville bli lærling. Det tilbodet takka eg ja til. Her kjenner eg folk og hestar. 

Drageset er oppvaksen på Voss, men ikkje på gard.

– Eg har trivst med hestar sidan eg var liten. Her arbeider eg i stallen, matar og stellar hestane, og rir dei. Vi har 12 hestar her. Det er noko med hestane som gjer at eg likar dei. Dei er gode vener.

 Travløp i Bergen

På fritida blir det og mykje hest.

– Eg hadde ein hest som no var 18 år, men den vart skadd og måtte avlivast. Så no er eg utan eigen hest, men eg trenar hestar her på Voss som deltek i travløp på Bergen travpark. Når det er travløp er eg med som oppassar, seier Stine Drageset, som har vore lærling i ei veke no og har to år i lære før ho skal ta fagbrev.

HestN1000B2820.jpg

– Det er noko med hestane som gjer at eg likar dei. Dei er gode vener, seier Stine Drageset på vallaken Faramir som er ni år gammal og som kan brukast til både riding og travløp. Trond Håvard Bjørnstad er avdelingsleiar på naturbruk ved Voss vidaregåande skule.

Pådrivar 

Hordaland fylkeskommune har alltid vore ein pådrivar for å få fleire bedrifter til å ta inn lærlingar, men var sjølv ein sinke i mange år i tal lærekontraktar, med rundt 20 lærlingar til ei kvar tid. Dei siste to åra har dette snudd, og målet om 50 lærlingar er no oppnådd. 

– Fylkeskommunen skal vere ein god tilbydar av lærekontraktar. Mange vel kontorfag, men vi må sjå på alle høve og tenke utanfor boka. Eg er nysgjerrig på hestefaget. Dei er flinke her på Voss, seier fylkesordføraren. 

Finaste undervisingsstall i Noreg

­– Læring i praksis er svært bra, seier avdelingsleiar Trond Håvard Bjørnstad på naturbruk ved Voss vidaregåande skule.

– Vi har den finaste undervisingsstallen i Noreg med tre stasjonar der vi ikkje forstyrrar kvarandre. Dette gjev fint høve for god undervising i stallen. Vi har 30 elevar i hestefaget, 15 på vg1 og 15 på vg2. Vi skal drive vurdering i stallen, seier Bjørnstad. 

No når fylkeskommunen har 50 lærlingar i haust, er fylkeskommunen den 8. største lærebedrifta i fylket. Totalt har 1500 bedrifter i Hordaland om lag 4400 lærlingar. Av dette er det 11 lærlingar i hestefaget i fylket, tre av desse i Hordaland fylkeskommune. Hordaland er det største lærlingefylket i landet, saman med Rogaland. 

Satsar på lærlingar 

Satsinga på lærlingar i fylkeskommunen starta i mai 2016 med å tilsetje ein lærlingekoordinator og øyremerke pengar til å løne nye lærlingar. Tidlegare var inntak av lærlingar desentralisert og kvar enkelt eining/avdeling måtte sjølv rekruttere, løne og tilsetje lærlingar. No er det lettare for kvar enkelt eining/avdeling å ta inn lærlingar uavhengig av budsjett. 

Hordaland fylkeskommune er i dag størst i fylket på lærekontraktar i hestefaget og IKT-servicefag, mens berre Universitetet i Bergen har fleire i kontorfag. 

Denne hausten har fylkeskommunen lærlingar i følgjande fag:

IKT-servicefaget

20

Kontor- og administrasjonsfaget

12

Byggdriftarfaget

5

Hestefaget

3

Barne- og ungdomsarbeidarfaget

3

Kokkfaget

2

Institusjonskokkfaget

2

Dataelektronikarfaget

1

Reinhaldsoperatørfaget

1

Reiselivsfaget

1