Gratis vaksine til russen

Russen skal få gratis vaksine neste år. Fylkesrådmannen føreslår å løyve 1,2 millionar kroner til vaksineprogram (meningokokk-vaksine) for elevar i den vidaregåande skulen.

Det går fram av forslaget til fylkesbudsjett for 2019. Fylkesrådmannen vil og auke budsjettet til teiknspråktolkar med 500 000 kr, og 1 mill. kr ekstra er sett av til opplæringstiltak for minoritetsspråklege elevar. Produksjonsskulen i Ulvik i Hardanger, som opna sommaren 2018, er budsjettert med heilårsdrift neste år. 

Investeringar 

Til investeringar ved dei vidaregåande skule vert det budsjettert med 434 mill. kr i 2019. 

Det største prosjektet neste år er bygging av Åsane videregående skole med løyving på 80 mill. kr. Andre prosjekt det vert løyvingar til neste år: Stord vgs. 30 mill. kr, Bømlo vgs. 11 mill. kr, Laksevåg vgs 10 mill. kr og Langhaugen vgs. 3 mill. kr. Til Hjeltnes produksjonsskule i Ulvik vert løyvd 18,2 mill. kr. 

Auka trivsel og betre læremiljø 

– Nye skulebygg og rehabilitering er viktig for prioritering i skulebruksplanen og som vi veit har mykje å seie for elevar og lærarar. Vi ser av satsinga at vi kan bruke bygga meir energieffektivt og bidra til auka trivsel og betre læremiljø i den vidaregåande skulen i Hordaland, seier konstituert fylkesrådmann Ingrid Holm Svendsen.