Granvin-Norheimsund blir framleis fylkesveg 7

Det blir inga nummerendring for fylkesveg 7 mellom Granvin og Norheimsund. Fylkesutvalet ber om at vegnummeret blir oppretthalde.

Statens vegvesen har gjort framlegg om nokre endringar av vegnummer i Hordaland. Etter at store delar av riksvegane vart overført til fylkeskommunane i 2010 er det ikkje lenger systematikk i nummereringa. Det har ført til at både riksvegar og fylkesvegar i same fylke har same nummer. 

Størst endringar har vegvesenet føreslege i Hardanger og Kvinnherad. Fylkesutvalet har slutta seg til prinsippa til vegvesenet, men ber om at fylkesvegen mellom Granvin og Norheimsund framleis skal ha status som fylkesveg 7. Fylkesutvalet har lagt vekt på at «fylkesveg 7» er eit innarbeidd varemerke for turisme og næring og bør ikkje endrast. 

Digital vegvising

Fylkesutvalet ber om at det blir arbeidd vidare med forsterka, digital vegvising for å sikre best mogleg fordeling av køyretøy på ferjesambanda Jondal - Tørvikbygd og Årsnes - Gjermundshamn. 

Fylkesutvalet ber om at fylkesveg 48 blir skilta som rute mellom Bergen og Odda. 

Fylkesutvalet ber om større satsing på digitale løysingar som elektroniske skilt / opplysingstavler og at det og kjem informasjon på fleire språk. GPS-leverandørar må og få oppdatert informasjon. 

Endringar i vegnummer som blir gjennomført:

  • Fylkesveg 48: (Bergen) - Tysse-Eikelandsosen-Gjermundshamn
  • Fylkesveg 49: Bergen - Norheimsund-Jondal-Odda
  • Fylkesveg 54: (Odda) - Gjerde-Rosendal-Husnes-Stord
  • Fylkesveg 548: Husnes-Skånevik-Håland/E134
  • Fylkesveg 549: Jektevik-Våge-Sævareid-Kilen
  • Fylkesveg 553: Mundheim-Strandebarm-Tørvikbygd