Glede over produksjonsskule på Hjeltnes

– Eg ser fram til godt samarbeid med Ulvik herad, sa fylkesordførar Anne Gine Hestetun etter at fylkesutvalet gjekk inn for å etablere produksjonsskule på Hjeltnes med start til hausten. Dette blir eit tilbod for elevar som er utanfor opplæring og arbeid.

Tilrådinga er gjort med ni mot seks røyster. A, KrF, Sp, V og MDG røysta for. H og Frp røysta mot plassering på Hjeltnes, men understreka at dei er for konseptet produksjonsskule. 

Svært god erfaring 

Hordaland fylkeskommune har svært god erfaring med den første produksjonsskulen i Noreg, Hyssingen i Bergen. Der har mange elevar kome seg attende i utdanning og arbeid. Hjeltnes vidaregåande skule er lagt ned, men har mellombels drift dette skuleåret. Fylkeskommunen ønskjer å bruke delar av eigedomen vidare til produksjonsskule og fagskuletilbod. 

Produksjonsskule på Hjeltnes blir ein internatskule med eit årlege driftsbudsjett på om lag 14,8 millionar kroner. Fylkesutvalet føreset eit årleg statleg tilskot på ni millionar kroner for permanent drift. I fjor fekk fylkeskommunen 4,6 millionar kroner gjennom revidert statsbudsjett med oppmoding om ny søknad om pengar for i år. 

HjeltnesN1000B7420.jpg

Til hausten er det planlagt produksjonsskule i lokala til Hjeltnes vidaregåande skule. Fagskulen i Hordaland vil og bruke skulen til undervising i lokal matkultur, deltidstilbod innan bygg og anlegg, og eit nytt tilbod innan lokal byggeskikk.

Inntekter av sal 

Ein del av eigedommen på Hjeltnes skal seljast. Det er rekna med 4,75 millionar kroner i inntekter av salet. Skulen på Hjeltnes treng istandsetjing for 18 millionar kroner, seinast i 2019. I tillegg til produksjonsskule, er skulen planlagt brukt til aktivitet for Fagskulen i Hordaland. Eit nytt fagskuletilbod innan lokal matkultur er godkjent. Det er og aktuelt å samle deltidstilbod innan bygg og anlegg, og opprette eit nytt tilbod innan lokal byggeskikk på Hjeltnes. 

Ordførar i Ulvik, Hans Petter Thorbjørnsen, følgde debatten i fylkesutvalet på Fleischers Hotell på Voss og er godt nøgd med utfallet. 

Endeleg vedtak blir gjort i fylkestinget 6. og 7. mars.