Gir 27 millionar til forsking på Vestlandet

Kan larvar løyse avfallsproblem? Korleis kan mikroplast i bymiljø motarbeidast? Og kan sjølvgåande havbøyer lære oss meir om havstraumar? Dette er spørsmål forskingsprosjekt i Hordaland no får midlar til å finne svar på.

Styret i Regionalt forskingsfond Vestlandet (RFF Vestlandet) løyver nemleg 27 millionar kroner til ny forsking i Hordaland, Sogn og Fjordane og Rogaland. Åtte større forskingsprosjekt i næringsliv og kommunal sektor får totalt 23 millionar. I tillegg vert det løyvd 3,7 millionar til vidareutvikling av ni prosjekt som er i startfasen.

Skal fôre insekt med hushaldsavfall

Eit av prosjekta som no får løyve skal finne ut om insektlarvar fôra opp på avfall frå hushald og næringsmiddelverksemd kan bli ei ny proteinkjelde for fôrindustrien? Vossa-bedrifta Invertapro AS får tre millionar kroner til å forske på temaet i samarbeid med renovasjonsselskapet BIR, Nibio Ullensvang og Havforskningsinstituttet.

Samtidig som fiskefôrindustrien er på leit etter proteinkjelder som kan erstatte fiskemjøl, er hushalds- og næringsavfall eit aukande problem. Berre på Vestlandet vart det motteke 465 000 tonn hushaldsavfall i 2016, og i tillegg kjem store mengder næringsavfall. Invertapro vil kartleggje moglegheitene for handsaming og sortering av dette materialet, slik at det kan brukast som fôr for insekt. Fleire artar av insektlarvar er effektive omdannarar av organisk materiale, og det har tidlegare vist seg at dei også er godt eigna som fiskefôr.

Forskarane skal mellom anna vurdere kva typar sortert og usortert organisk avfall som høver for ulike insektartar. Dei skal også analysere innhaldet av ønskte og uønskte stoff – som til dømes miljøgifter – i insektlarvar som er fôra opp på organisk avfall levert av lokale renovasjonsselskap.

- Dette er spennande forsking som byggjer vidare på mellom anna eit kvalifiseringsprosjekt støtta av RFF Vestlandet. Lukkast ein, kan ein her slå to fluger i ein smekk. Forskinga kan gi meir fornuftig utnytting av avfall som det berre vert meir og meir av, og samtidig bidra til at fiskefôrindustrien – som er særs viktig for Vestlandet – får meir berekraftige proteinkjelder enn ein har i dag, seier Jenny Følling, fylkesordførar i Sogn og Fjordane og styreleiar for RFF Vestlandet.

Vil kartleggje mikroplast i bymiljø

Bergen kommune får tre millionar til å forske på spreiinga av mikroplast i bymiljø. Dei skal kartleggje omfanget av forureininga og identifisere sannsynlege kjelder og spreiingsvegar. Målet er å kunne utvikle treffsikre mottiltak som er forankra i faktisk kunnskap og ikkje basert på tru eller meining.

I prosjektet skal ein mellom anna undersøke kor mykje mikroplast det er i vegstøv, i jord og sand i nærleiken av kunstgrasbanar, i parkar og skogar, i avløpsslam og i offentlege naturområde. Ein vil bruke dataanalyse til å synleggjere kjeldene til plasten og deretter føreslå relevante tiltak for effektiv førebygging, opprydding og avfallshandtering. Forskinga vil kunne gi god måloppnåing for kommunen sin tiltaksplan mot plast- og marin forsøpling.

- Spreiing av mikroplast er truleg i ferd med å bli ei av dei heilt store miljøutfordringane i vår tid. Når mikroplasten først har funne vegen ut i miljøet, er den utruleg vanskeleg å bli kvitt. Likevel har vi ikkje mykje sikker kunnskap om fenomenet, korkje når det gjeld omfang, spreiing eller kjelder. At Bergen kommune vil gå i bresjen for å etablere faktakunnskap om førekomsten av mikroplast i bymiljø, er difor svært positivt – og vil truleg også kome til nytte for mange andre byar, seier Følling.

Kommunen har med seg Uni Research som prosjektleder og International Research Institute of Stavanger (IRIS) som forskingspartnar i prosjektet.

Sjølvgåande seglbøyer skannar havstraumane

Anderaa Data Instruments AS i Bergen får 1,95 millionar til å forske på bruken av sjølvgåande seglbøyer til måling av havstraumar i overflate og øvre vasslag. Menneskeleg aktivitet til havs aukar og vert stadig meir avansert, og både energinæringa, havbruksnæringa, forsking og forvalting får behov for stadig meir presis og hurtig informasjon om korleis havet til ei kvar tid oppfører seg.

Så langt har ein ikkje hatt gode og rimelege metodar for å samle inn data om havstraumar i eller nær overflata. Anderaa Data Instruments vil vise at ved å kombinere deira patenterte Doppler-teknologi med sjølvgåande seglbøyer utvikla av selskapet Offshore Sensing, kan ein både dekke enorme geografiske område på økonomisk overkommeleg vis og få overført gode sanntidsdata direkte til mottakar.

- Å bruke sjølvgåande fartøy til denne typen målingar, vil løyse mange av dei utfordringane ein ikkje får has på med faste installasjonar. I dette prosjektet koplar ein velprøvde teknologiar på nyskapande vis, og forskinga har truleg eit betydeleg kommersialiseringspotensial både heime og ute, seier Følling.

Anderaa Data Instruments AS skal gjennomføre forskinga i samarbeid med ConocoPhillips Scandinavia, Offshore Sensing AS, Meteorologisk Institutt og Akvaplan NIVA AS.

Mobiliserer bedrifter

Jenny Følling seier at fondet ønskjer å mobilisere flest mogleg bedrifter og kommunar til å ta i bruk forsking som middel til nyskaping og utvikling.

– Tal frå Noregs forskingsråd viser at vi tidlegare har lukkast godt med å rekruttere bedrifter med lita eller inga forsking, og det er gledeleg å sjå at midlane våre også i år bidrar til at fleire nye bedrifter kan gje seg i kast med forskingsstøtta innovasjon.

Desse fekk også RFF-støtte

  • Servicebåt AS. SalmoSave; bærekraftig nødprosessering av laks og ørret.
  • Hav Line Gruppen AS. Hybrid Slaktefartøy – Fremtidens slakterier
  • Askøy kommune. Sammen mot mobbing: Utprøving og ferdigstilling av tiltakspakke for å forebygge, avdekke og håndtere mobbing i barnehager i Askøy kommune

På Regionalt forskingsfond sine nettsider kan du også sjå kven som fekk kvalifiseringsstøtte