Gir 200 000 kr til program om psykisk helse

Hordaland fylkeskommune gir økonomisk stønad til programmet Impact Challenge. Gründarar og etablerte organisasjonar skal saman finne berekraftige løysingar på felles samfunnsutfordringar. Det første året er mental helse tema.

– Impact Challenge-programmet skal finne løysingar som har positiv effekt knytt til psykisk helse i arbeidslivet. Dette er eit tiltak vi synes det er viktig å støtte, seier Mette Nora Sætre, næringssjef i Hordaland fylkeskommune.

Samlar kunnskapsmiljø

Impact Hub Bergen står bak Impact Challenge som skal samle kunnskapsmiljø, pasientar, pårørande og helsevesen for å belyse dei mest sentrale utfordringane innan førebygjande psykisk helsevern. Programmet tar for seg éi samfunnsutfordring av gongen og inviterer relevante parter innanfor kvart tema. Tema for programmet i 2019 er mental helse.

– Det at dei som kjenner utfordringane best samarbeider, gjer at nye løysingar kan kome fram, seier Sætre.

Impact Challenge skal sjå spesielt på korleis det kan leggast til rette for inkluderande arbeidsliv.

– Eit inkluderande arbeidsliv er viktig i forhold til ei oppleving av tilhøyrsle, identitet og samhald i samfunnet. Dette er òg med å påvirke psykisk helse.

Kreative læringsrom og berekraftige løysingar

Det tverrfagege samarbeidet i Impact Challenge skal oppmuntre til deling av felles visjonar for å få styrke det samla tilbodet. Programmet har som mål å skape kreative læringsrom mellom gründarar og etablerte organisasjonar. Det skal bidra til realisering av fleire berekraftige løysingar og imøtekomme dei 17 bærekraftmåla til FN.

Sjølve prosjektarbeidet er delt i tre fasar. Den første delen handlar om å få innsikt og inspirasjon. Del to handlar om å finne idear og utvikle desse. I den siste fasa skal deltakarane utvikle konseptet ferdig, teste det og presentere det for eit dommarpanel.

Prosjektmidlane til Impact Challenge er løyvd frå handlingsprogrammet for nærings- og samfunnsutvikling i Hordaland (HNH).