Gir 1,2 millionar til prosjekt om entreprenørskap i skulen

UngTekno vil knytte teknologi, yrkesfag og entreprenørskap saman. Prosjektet får no millionbeløp frå Hordaland fylkeskommune.

– Prosjektet gir ungdom innsikt og erfaring med entreprenørskap i tett samspel med næringslivet. Dette er verdifullt i ei tid der krava til kompetanse og omstilling blir stadig større. UngTekno er eit spennande prosjekt som engasjerer elevane til å tenke nytt, seier Mette Nora Sætre, næringssjef i Hordaland fylkeskommune.

Skal utvikle forretningsidé

UngTekno ønskjer å gi unge kompetanse i entreprenørskap, slik at dei er sterkare rusta til å tilpasse seg den nye tida. Dei skal kunne sjå moglegheiter og ha evne og vilje til å gjere noko med dei. I UngTekno skal ungdomskuleelevar utvikle ein forretningsidé der dei kombinerer det dei har lært om teknologi og yrkesfag med eigen kreativitet og skaparevne.

Ønskjer å auke søkjartala til yrkesfag

UngTekno skal gjennomførast i kommunane Stord, Bømlo, Fitjar, Odda og Jondal. Prosjektarbeidet inneber eit tett samarbeid mellom skulane og lokalt næringsliv. Eit overordna mål er å auke søkjartalla til dei yrkersfagsretta linjene i vidaregåande skule. Prosjektet skal forankrast i leiinga i bedriftene. Dette inneber at dedikerte personar i kvar bedrift er ansvarlege for rekrutteringa av mentorar internt.

To fasar

Aktivitetane i UngTekno er delt i to ulike fasar. Den første går ut på at elevane gjennomfører ein Tech-camp der dei løyser eit oppdrag frå ei av samarbeidsbedriftene. Hensikta er å gi elevane ei forståing av arbeidet og inspirere dei til å utvikle ein idé. Dette kan vere eit produkt eller ei teneste. I fase to av prosjektet får elevane jobbe ute i bedrifta som har gitt dei oppdraget. Her skal dei jobbe vidare med ideen sin med oppfølging frå mentorar i bedrifta.

Eit samarbeidsprosjekt

Atheno AS eig prosjektet og har alt overordna ansvar. Dei samarbeider med Odda næringshage og lokale bedrifter. Prosjektmidlane frå fylkeskommunen kjem frå handlingsprogram for næringsutvikling (HNH).