Fylkesutvalet samlar seg om namnet Vestland

Fylkesutvalet tilrår at det nye fylket, sett saman av Hordaland og Sogn og Fjordane, får namnet Vestland. Fylkestinga har vedteke å bruke namnet Vestlandet, men det har kome kritikk mot dette namnevalet.

Fylkestinga i Hordaland og Sogn Fjordane har med stort politisk fleirtal (84 av 88 røyster) vedteke «Vestlandet» som namnet på den nye, felles fylkeskommunen. Rogaland og Møre og Romsdal er begge usamde i dette namneforslaget. 

Måndag 19. januar var Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal fylkeskommunar kalla inn til kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD), for å drøfte namnet på den nye fylkeskommunen på Vestlandet. Fylkeskommunane møtte Monica Mæland, som er ny kommunalminister. Kommunalministeren ville høyre fylkeskommunane sine synspunkt. 

På møtet i dag i fylkesutvalet blei det sett fram forslag om å tilrå at det nye namnet blir Vestland. Dette blei vedteke mot to røyster frå SV og MDG.

SV og MDG gjekk inn for at fellesnemnda skal ta stilling til namnet etter ei grundig vurdering av fleire forslag.

Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane skal ta stilling til namnet onsdag 7. mars.

KMD planlegg å ferdigstille innstilling si til namn på alle dei nye fylkeskommunane før/etter påske. Det er forventa at Stortinget vedtek namna før sommaren.