Ordninga og tildelingskriteria har vore annonsert på fylkeskommunen sine nettsider og på facebook med søknadsfrist 15. mars 2018.
12 søkarar
Det kom inn 12 søknader, som alle vart vurdert opp mot tildelingskriteria.
Søknadane spenner over eit breitt spekter av ulike hjelpetiltak i Europa, Afrika, Asia og Sør-Amerika, både i regi av einskildpersonar og etablerte hjelpeorganisasjonar.
Tildelinga
Det er mange verdige kandidatar på søkelista. Etter ei totalvurdering har følgjande søkarar fått tildelt PC-utstyr:
- Hope Zanzibar; yrkesskule for foreldrelause barn på Zanzibar – 5 stk.
- Svalene; vidaregåande skule/yrkesskule for jenter i Lima/Peru – 5 stk.
- Indias barn; utdanningshjelp til barn i slumområde i India – 5 stk.
- Prosjekt Håpet; utdanningshjelp til barn i Sao Paulo – 5 stk.