Fylkeskommunen får viktig ansvar for kompetanseløft

– Fylkeskommunen får eit viktig ansvar for kompetanseløft. Vi har ikkje råd til å sende folk ut av arbeidslivet, sa statsminister Erna Solberg på ein konferanse på Fagskulen i Hordaland om innspel til ein nasjonal kompetansereform.

Rundt 80 personar frå næringslivet, utdanningsinstitusjonar, arbeidstakar- og arbeidsgjevarorganisasjonar og det offentlege deltok på konferansen på Nordnes i Bergen.

Statsministeren inviterte til dette toppmøtet for å få innspel til korleis vi skal utdanne oss for framtida og utvikle kompetansen vi har behov for. 

– Vi må finne betre modellar for at vi skal klare oss i konkurransen i framtida. Det medfører at vi må lære meir kunnskaps- og kompetansebasert. Mange oppgåver vil bli løyst med maskin. Mange jobbar vil forsvinne, men nye jobbar vil og kome til. Vi må endre oss og gjere jobben på ein heilt annan måte enn før, sa Erna Solberg. 

ErnaN1000B3519.jpg

– Fleire må kome i jobb, og fleire må få kompetanse til å stå i jobb. Fylkeskommunen skal få større ansvar for utdanning gjennom heile livet, sa kunnskapsminister Jan Tore Sanner (t.v.). – Vi må ha trepartsfinansiering i milliardklassen for å få dette til, sa LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen (t.h.). 

Eldre treng og påfyll 

For å gjere jobben på ein annan måte, må vi ha eit kompetanseløft.

– Det er inga hurtig løysing. Vi må vurdere fleire alternativ. Fylkeskommunen vil få eit viktig ansvar, ikkje berre for 16 til 19-åringar, men for 16 til 24 år og heile løpet vidare gjennom livet. Vi treng påfyll og når vi blir eldre. Vi skal klare dette om vi jobbar saman, sa statsminister Erna Solberg. 

Kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner sa at Noreg går bra, med høgt aktivitetsnivå, men arbeidslivet stiller stadig aukande krav til kompetanse. 

– Vi er inne i den andre digitaliseringsbølgja. Fleire må kome i jobb, og fleire må få kompetanse til å stå i jobb. Fylkeskommunen skal få større ansvar for utdanning gjennom heile livet. Vi skal bidra til at fylkeskommunen skal fylle den rolla. Hordaland fylkeskommune har i dag godt samarbeid med Universitetet i Bergen, sa Jan Tore Sanner.

ErnaN1000B3523.jpg

– Vi skal styrke fylkeskommunen til å satse på eit kompetanseløft, sa kommunalminister Monica Mæland. 

Trepartssamarbeid 

Fungerande administrerande direktør Ole Erik Almlid i NHO og LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen, var samde om at her har det såkalla trepartssamarbeidet ein jobb å gjere.

– Vi må ha samarbeid mellom bedriftene, utdanningsinstitusjonane og partane i arbeidslivet. Det er viktig for å sikre bedriftene rett tilgang til rett kompetanse. 

Almlid viste til at ei undersøking viser at 6 av 10 bedrifter manglar viktig kompetanse, og at 4 av 10 bedrifter har tapt marknadsdelar grunna manglande kompetanse. Det er og færre som tek vidareutdanning i dag enn for 10 år sidan. 

– Vi må få til eit samarbeid, slik at tilsette kan ta utdanning mens dei er i jobb, sa NHO-direktør Ole Erik Almlid.

ERnaN1000B3527.jpg

Kathrin Jakobsen (t.v.), leiar av forsking, internasjonalisering og analyse i Hordaland fylkeskommune, i samtale med Trude Skogesal i NITO. 

Stort etterslep i kompetanse 

LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen var klar i talen.

– Vi må ha trepartsfinansiering i milliardklassen for å få dette til. Å investere i kompetansen til folk, er det smartaste vi gjer. Vi lærer heile livet, men vi har eit stort etterslep i kompetanse. Vi må få eit system for livslang læring. Vi blir fleire eldre, og dei treng å lære digitalisering. Men vi må og investere i fagarbeidarar og meistrar, og ikkje berre master, sa LO-leiaren og peika på at sysselsettinga i Noreg har gått ned.

– Vi har nedgang i sysselsettinga særleg hos unge, unge utan utdanning og hos innvandrarar. Vi har og færre lærlingar, og mange fullfører ikkje vidaregåande skule. Mange manglar grunnkompetansen for å takle arbeidslivet, sa LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen.

ErnaN1000B3534.jpg

Bård Sandal (t.v.) er fylkesdirektør for regional utvikling i Hordaland fylkeskommune, i samtale med rektor Dag Rune Olsen ved Universitetet i Bergen og rektor Steinar Kristoffersen ved Høgskolen i Molde.

Ingen skal gå ut på dato 

Simon Markussen, samfunnsøkonom og leiar av ekspertutvalet for etter- og vidareutdanning er samd i dette.

– Alle skal lære heile livet. Ingen skal gå ut på dato. Vi skal ha eit spleiselag der alle bidreg, sa Markussen. 

Rektor Berit Rokne ved Høgskulen på Vestlandet er med i spleiselaget.

– Vi må sjå utdanning i eit livsløpsperspektiv. Vi må sjå på kva kompetansebehov vi treng, og vi må samhandle, sa Rokne.

Utdatert på jobb

Anders Paulsen leiar forsking og utvikling ved Rolls-Royce Marine i Bergen.

– Arbeidsplassane endrar seg, og nyutdanna er ofte utdatert når dei kjem i jobb. Digitalisering handlar om at industrien endrar seg raskt. Den digitale framtida er ikkje bunden av at folk skal jobbe i det fysiske rom. Dei kan arbeide overalt. Vi har fått kunstig intelligens. Det er ikkje berre vi som lærer, men maskinen lærer og. Vi må lære å handtere datamaskinen i maskinen, sa Anders Paulsen.

Stortingsmelding

Våren 2020 skal regjeringa legge fram melding til Stortinget om kompetanse. Kompetansereformen har fått namnet «Lære heile livet».