Fylkesbiblioteket debattarena for klima

«Ta i bruk det blå kollektivfeltet!» var oppmodinga frå Askøy folkebibliotek då dei hadde besøk av turneen «Klimaendringar på Vestlandet. Korleis handtere det uunngåelege?». Politikarar blir utfordra og publikum engasjerte då turneen, i regi av Hordaland fylkesbibliotek, stoppar ved folkebiblioteka i desse dagar.

I alt får 14 bibliotek besøk av forskar og geolog Kikki Kleiven frå Universitetet i Bergen og dagleg leiar i Norsk klimastiftelse, Lars-Henrik Paarup Michelsen. Ytterlegare tre bibliotek arrangerer utstilling. På møta stiller lokalpolitikarar som blir utfordra i spørsmål om lokale miljøtiltak både frå møteleiinga og frå engasjerte publikummarar.

Globale spørsmål – lokale løysingar

Askøy folkebibliotek har hatt besøk av klimaturneen. Dei frammøtte fekk høyre eit engasjerande føredrag av Kikki Kleiven der ho sette den globale klimaforskinga inn i eit lokalt perspektiv. Deretter tok debattleiar Lars-Henrik Paarup Michelsen over podiet. Han tok dei store, globale spørsmåla ned på eit meir overkommeleg lokalt nivå, og utfordrar både publikum og politikarpanelet til sjølve å tenkje over om dei har merka seg teikn på klimaendringar lokalt.

Kvar vart det av skiløypene?

For kvifor er det slik at bjørka sprett lenge før 17. mai og plantar kjem med nye blomar seinhaustes? Og kor går ein eigentleg på ski på Askøy når vinteren kjem på ein overraskande snarvisitt?

Betre transportløysingar, reduksjon av pendlinga over brua til Bergen – både i samband med jobbreiser og shopping, meir overvatn og aukande ras- og flomfare var nokre av utfordringane politikarpanelet tok opp som utfordringar på Askøy.

Det blå kollektivfeltet

Til stor begeistring frå både ekspertar og salen lanserte varaordførar Bård Espelid eit nytt utrykk på ein gamal løysing for transport.

– Vi må bruke sjøvegen slik som i gamle dagar og ta i bruk det blå kollektivfeltet, sa varaordførar Espelid. Klimaforskar Kleiven adopterte straks uttrykket.

– Slike uttrykk kan vere ein del av løysinga, eit tiltak å vise til, eit uttrykk som går inn i språket, meinte ho.

– Kanskje dette er «The Askøy Way» for å redusere klimagassutsleppa, eit tiltak som gjer kommunen kjent og som delegasjonar frå utlandet vil komme for å sjå? spurde debattleiar Michelsen.

Slik utfordrar han politikarar, miljøaktivistar, næringslivsleiarar og andre borgarar fylket rundt til å setje ord på kva akkurat deira kommune kan gjere for å få klimarekneskapen til å gå opp.

Biblioteket som debattarena

Bibliotek som møteplass og som debattarena er ei viktig satsing for fylkeskommunen og sentral i samarbeidet med dei lokale biblioteka i fylket.

– Å lage denne klimaturneen er ein del av arbeidet med å utvikle folkebiblioteka til arenaer for offentleg samtale og debatt, seier fylkesbiblioteksjef Ruth Ørnholt. Ein arrangementsturné kopla til fylkeskommunen sitt arbeid med klima og miljø er ein vinn-vinn-situasjon, meiner ho.

Det er noko både debattantar, innleiarar og publikum på Askøy folkebibliotek var samde i. Og no går turneen «Klimaendringar på Vestlandet. Korleis handtere det uunngåelege?» vidare til andre bibliotek i fylket.

Her stoppar turneen

  • 7. februar – Odda
  • 14. februar - Masfjorden
  • 19. februar - Kvinnherad
  • 7. mars - Lindås
  • 14. mars - Sund
  • 21. mars - Fitjar
  • 22. mars - Bømlo

På nettstaden til kvart bibliotek finn du nærare informasjon om stad og klokkeslett.

Turneen er støtta av midlar frå Nasjonalbiblioteket og frå Klimaplanen.