Frå 470 til 7 takstsoner i Hordaland

Fylkestinget i Hordaland har vedteke å redusere talet på takstsoner for kollektivtrafikken i Hordaland frå 470 til 7. Dette skjer frå onsdag 1. august.

– Ny takstsonestruktur i Hordaland er eit viktig og naudsynt tiltak for å gjere det lettare å reise kollektivt i heile fylket. Målet med forenklinga er å få fleire kollektivreisande, slik det er skildra i kollektivstrategien for Hordaland fram mot år 2030, seier Hanne Alver Krum, leiar for sals- og marknadsavdelinga i Skyss.

Nye sonegrenser


Pendlar- og passasjerstraumar, skulekrinsar, kommunegrenser, tettstader, knutepunkt og naturlege grenser sett av fjord og fjell har vore førande i arbeidet med å utarbeide den nye sonestrukturen. Likevel vil dei nye sonegrensene nokre stader krysse kommunegrenser eller buss- og vegsamband. 

Det som i dag blir omtalt som sone Bergen, får namnet «Sone A» og blir vesentleg større enn i dag. Her er det teke omsyn til dei store pendlarstraumane frå nord, vest og sør. Sone A inkluderer kommunane Askøy, Fjell, Sund, Øygarden, Osterøy, Meland, Radøy, Lindås, Austrheim og Os. 

– Svært få vil krysse soner i den nye modellen. Dei aller fleste kollektivreisande, om lag 95 prosent, vil reise innanfor ei sone. Innføring av ny takst- og sonemodell gir ein enklare kvardag for dei aller fleste kollektivreisande i fylket vårt, seier Hanne Alver Krum.

Endringar i billettar og prisar


Det blir også enklare å kjøpe billett. Frå og med 1. august kan appen «Skyss Billett» nyttast i heile fylket. 

– Dette trur vi mange vil sette pris på, i sone Bergen brukar i dag om lag 70 prosent appen som betalingsmiddel, seier Hanne Alver Krum. 

Enkeltbillett vil vere gyldig i 90 minutt innanfor ei sone, og i 30 minutt ekstra for kvar ekstra sone du betalar for. Innanfor kvar sone blir det éin pris i heile sona. Om du skal krysse ei sonegrense, blir billetten dyrare etter kor mange grenser du kryssar. Makspris for enkeltbillett blir fire soner, og tre for periodebillettane. 

Ombordtillegget på enkeltbillettar for vaksen, barn og honnør blir utvida frå dagens sone Bergen til heile Sone A, det vil seie pristillegg ved kontant betaling om bord. Om du kjøper billetten i "Sone A" om bord, må du betale ombordtillegg sjølv om du skal reise over fleire soner.  Også ordninga med kommisjonærbillettar vil etter kvart bli utvida med salsstadar utanfor Bergen slik at fleire reisande får alternativ til kontant betaling om bord.

Informasjon til reisande


Detaljert informasjon med prisar og sonekart

Vi informerer også på plakatar og skjermar om bord i transportmidlane og på terminalar. Frå 1. august vil det og vere informasjonsfaldarar tilgjengelege i bussane, der dei reisande mellom anna finn informasjon om korleis ein tar i bruk mobil-appen. Skyss mobilapp vil bli oppdatert med nye soner og prisar frå og med 1. august 2018.

Det nye sonekartet frå 1. august:

kart over takstsonene i Hordaland