Forventar låg befolkningsvekst i Hordaland

Dei nye fylkesprognosane for utviklinga av folketalet i Hordaland viser ei auke på 68 500 personar i Hordaland fram mot 2045 – ei langt meir moderat forventing enn tidlegare. Mindre innvandring, liten innanlands tilflytting i tillegg til låge fødselsratar kan forklare dette.

For eit par år sidan var prognosane for befolkningsveksten i fylket mykje meir optimistiske. Dei nye tala frå Hordaland fylkeskommune viser at vi no er tilbake til ein meir normal situasjon med moderat vekst.

- Vi ønskjer vekst for regionen vår, og desse nye tala fortel meg at vi må leggje eit endå større press på staten for å få overført fleire statlege oppgåver og dermed arbeidsplassar til det nye storfylket, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

I fjorårets prognosar venta ein at Hordaland fylkeskommune kom til å passere 600 000 innbyggjarar i 2033. Dette ser no ut til å ta lengre tid. Forventa foketal i 2045 er no 591 000 innbyggjarar – ei auke på 13% frå dagens innbyggjartal på 522 539.

Innvandring kraftig ned

Folkeveksten er forventa å falle gradvis frå 2019. Prognosane viser ein vekst på 3354 nye hordalendingar i 2019 mot berre 1232 personar i 2045. Nedgangen skuldast i hovudsak lågare innvandring kombinert med netto innanlands fråflytting. Sistnemnde inneber at talet på personar som flyttar til Hordaland frå andre delar av landet er lågare enn talet på folk som flyttar motsett veg. Til tross for tre år med netto innanlands fråflytting frå Hordaland, har innvandring gjort at fylket likevel har hatt samla netto tilflytting.

Lågare innvandring kombinert med rekordhøg utflytting til andre delar av landet gjer at flytteoverskotet i 2017 berre var 298 personer. Dette er det lågaste sidan 1997.

- Vi må arbeide saman med akademia, næringslivet og offentlege verksemder for å skape fleire arbeidsplassar. Det er òg viktig at studentane finn attraktive jobbar i Bergen eller i regionen og ikkje tenkjer at dei må til Oslo etter avslutta studium, seier Hestetun.

Rekordlåge fødselsratar og eldre befolkning

Folkeveksten i Hordaland for 2017 var 0,5 prosent. Dette er det lågaste sidan 1998. Veksten er venta å ligge på 0,6 prosent i 2018 og gå gradvis ned til 0.2 prosent i 2044.

Konsekvensane om dette slår til er at påfyllet av unge går ned . Dette gjer at befolkninga i Hordaland blir eldre, som igjen fører til lågare fødselsrate og auka tal på døde.

For Hordaland, som i resten av landet, var fødselsratane i fjor dei lågaste nokosinne. I 2017 blei det fødd 5 961 personar, medan 3 686 døde. Dette gjev eit fødselsoverskot på 2 275. Ifølgje prognosane vil fødselsoverskotet gå ned til 857 i 2044. Talet på fødde er venta å være stabilt framover som følgje av utflating av kvinner i fruktbar alder.

Vekst i dei fleste kommunane

Sjølv om prognosane viser låg befolkningsvekst, er det likevel forventa folkevekst i 21 av 33 kommunar. I ein del kommunar, spesielt i Sunnhordland og Hardanger, viser årets prognose at utvikling er venta å vere meir positiv enn det fjorårets prognose tilsa. I Ulvik og Tysnes er det venta 1 prosent vekst per år, medan Meland og Fitjar begge står med 1,2 prosent vekst.

Når det gjeld Bergen kommune viser prognosane ein vekst på berre 0,3 prosent. Dersom utvandringa og innvandringa blir like stor, vil Bergen nå ein befolkningstopp på 285 000 innbyggjarar i 2030. 

Som tidegare ventar ein størst vekst i Os med 1,8 prosent auke per år. Folketaket i Os vil i så fall auke med heile 60 prosent frå 2018 til 2045.

I dei siste fylkesprognosane for Hordaland er det ikkje tatt med tall som inkluderer samanslåinga med Sogn og Fjordane. Dette vil bli gjort i befolkningsprognosane dei kommande åra.

På nettsida statistikk.ivest.no finn du datagrunnlaget for dei nye fylkesprognosane med folketalsframskrivingar for alle kommunane i Hordaland