Skal møte utfordringane i framtidas arbeidsmarknad

Kompetanseforum Hordaland hadde i går sitt første møte. Toppleiarar frå viktige samfunnsinstitusjonar i fylket inngår no eit forpliktande samarbeid for å løyse utfordringar som gjeld kompetanse og arbeidskraft.

– Etableringa av Kompetanseforum Hordaland er eit viktig grep for å møte utfordringane i framtidas arbeidsmarknad, seier Bård Sandal, direktør for regional utvikling i Hordaland fylkeskommune.

I oktober vedtok fylkestinget Regional plan for kompetanse og arbeidskraft. Planen skal skape betre balanse mellom tilbod og etterspurnad når det gjeld kompetanse og arbeidskraft. Dette skal skje gjennom eit forpliktande samarbeid mellom næringslivet, offentleg sektor og utdanningsaktørane.

– Kompetanseforum Hordaland skal vere navet i dette samarbeidet. I forumet er toppleiarar frå viktige samfunnsinstitusjonar i fylket representert, seier Sandal.

Strategisk rolle

Hordaland fylkeskommune er leiar og koordinator for det nye kompetanseforumet som skal ha faste møte. Ei av dei viktigaste oppgåvene er å følgje opp tiltaka i Regional plan for kompetanse og arbeidskraft. Dette inneber tett samarbeid med regionane i fylket og dei viktigaste bransjane og sektorane i arbeidslivet.

– Kompetanseforumet skal jobbe strategisk og samordne det kompetansepolitiske arbeidet i Hordaland. Når det vert avdekka bransjespesifikke behov eller kompetansebehov i regionane, skal forumet jobbe for å løyse desse utfordringane, seier Sandal.

Eit mål for samarbeidet er å leggje til rette for at kompetanse blir ein drivar for utvikling i arbeidslivet. Samarbeidet skal dessutan gjere partane betre i stand til å utføre oppgåvene dei har på kompetansefeltet.

Hordaland blant dei første

Dei store endringsdrivarane som digitalisering, robotisering, globalisering og det grøne skiftet set nye krav til kompetanse både i privat og offentleg sektor. Nasjonale myndigheiter har styrka fylkeskommunen sitt kompetansepolitiske ansvar og samordningsrolle. Hordaland er blant fylkeskommunane som har kome lengst på dette området.

– Dette forumet kan bidra til at alle dei gode kreftene vi har her i Hordaland blir betre koordinert, seier Emil Gadolin, utvalsleiar for opplæring og helse. Han var gjest under møtet og ser no fram til å følgje med på det vidare arbeidet til forumet.

Betre råd om utdanning

Mange av aktørane i det nye kompetanseforumet har følgd arbeidet med planen for kompetanse og arbeidskraft frå starten av.

– Eg forventar at vi skal synleggjere arbeidslivet sitt behov for arbeidskraft i større grad enn tidlegare, kanskje særleg på lang sikt. På denne måten kan vi gi betre råd til ungdommane som skal velje utdanning, seier Tom Knudsen, regiondirektør for NHO Vestlandet. 

Han håpar samarbeidet i Kompetanseforum Hordaland skal gjere det betre å sjå konjunkturendringar litt fram i tid, slik at det blir lettare å dimensjonere rett i forhold til utdanningstilbod.

Fakta: Kompetanseforum Hordaland

  • Kompetanseforum Hordaland skal samarbeide om å løyse utfordringar som gjeld kompetanse og arbeidskraft i fylket.
  • Hordaland fylkeskommune ved fylkesdirektør for opplæring, Svein Heggheim, og fylkesdirektør for regional utvikling, Bård Sandal, skal leie og koordinere arbeidet i forumet som skal ha faste møte.
  • Toppleiarar frå viktige samfunnsinstitusjonar i fylket er representert i forumet som har 12 medlemmar.
  • Medlemmar i Kompetanseforum Hordaland:
    • Bergen kommune
    • Helse Vest
    • Hordaland fylkeskommune ved Opplæringsavdelinga og Regionalavdelinga.
    • Høgskulen på Vestlandet
    • LO
    • NAV
    • NHO
    • Norges Handelshøyskole
    • Universitetet i Bergen