Første lynhurtigladarar for elbil i Hordaland

– Med dette blir vi best i klassen i landet, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun etter at Hordaland fylkeskommune har gjeve 4,4 millionar kroner til utbygging av 78 nye ladepunkt for elbil. 22 av desse blir såkalla lynhurtigladepunkt som gjev god lading på berre 10 minutt.

Dei andre er 41 hurtigladepunkt og 37 semi-hurtigladepunkt. Utbygginga skjer på 17 stader i fylket. 10 av dei har ikkje hatt hurtigladepunkt for elbil.

Fylkesordførar Anne Gine Hestetun er glad for denne storsatsinga. 

– Med desse tildelingane aukar vi talet på hurtigladarar med 33 prosent i Hordaland og blir best i klassen i tal hurtigladarar samanlikna med resten av landet. Vi er og fylket i landet med størst marknadsdel av elbilar. Dette viser at vi tek vår del av ansvaret for eit betre miljø. Klima er den største utfordringa i vår tid. Eit større taktskifte i kampen for eit betre klima er heilt naudsynt, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

11 kommunar 

Dei 78 hurtigladepunkta kjem i 11 kommunar i fylket: Bergen, Jondal, Voss, Odda, Sveio, Lindås, Os, Askøy, Etne, Tysnes og Sund. 37 av hurtigladepunkta får ein effekt på 22 kW, mens 19 får ein effekt på 50 kW og ladar dobbelt så fort. 22 blir såkalla lynhurtigladarar med ein effekt mellom 100 og 150 kW. På 10 til 20 minutt skal dette gje god lading. 

Fart i utbygginga

For å få fart i utbygginga gjev fylkeskommunen tilskot til dei nye hurtigladestasjonane.

– Vi har fått søknader for 14,3 millionar kroner, så den vidare utbygginga kjem til å halde fram. Ambisjonen vår er at det skal bli praktisk å køyre elbil, og då treng vi eit godt nettverk med hurtigladestasjonar gjennom heile fylket. Fleire hurtigladarar langs dei mest brukte vegane i fylket reduserer rekkeviddeangst og gjer at fleire folk tør velje elbil når dei kjøper bil, seier klima- og naturressurssjef Sølve Sondbø i Hordaland fylkeskommune. 

Stadig fleire elbilar 

Sal og bruk av elbil i Hordaland berre aukar og aukar. I september utgjorde salet av elbil 62 prosent av nybilsalet, mens 13 prosent var ladbare hybridbilar. Siste tre månader var salet 41 prosent nye bilar og 15 prosent ladbare hybridar. Totalt i Hordaland utgjorde elbilar 11,2 prosent av registrerte personbilar pr. 1. november. Bruk av elbil i bomringen i Bergen viser og stor auke og var på 19,9 prosent i oktober.

Dei 17 stadene som får hurtigladepunkt er: Sveio, Lone, Løvås, Odda, Olsvik, Ostereidet, Gullgruven Åsane, Dolviken, Os, Juvikflaten, Voss, Etne, Herand, Jondal, Våge i Tysse, Evanger og Forland på Sotra.