Første kvinnelege fylkesrådmann i Hordaland

Hordaland fylkeskommune fekk i dag første kvinne som fylkesrådmann. Fylkestinget har konstituert Ingrid Holm Svendsen (49) som fylkesrådmann fram til nye Vestland fylkeskommune vert oppretta 1. januar 2020.

Holm Svendsen overtek etter Rune Haugsdal som er tilsett som prosjektleiar for det nye fylket og blir fylkesrådmann i Vestland fylkeskommune frå 1. januar 2020. Haugsdal har vore fylkesrådmann i Hordaland frå 1. februar 2013. Holm Svendsen er den sjette fylkesrådmannen i Hordaland.

Gler seg til å ta fatt

– Eg takkar for tilliten og gler meg til å ta fatt. Hordaland fylkeskommune er ein flott organisasjon med svært kompetente tilsette. Med meg har eg eit team med fagleg sterke leiarar. Saman skal vi jobbe for å sikre gode tenester for brukarane og forsvarleg drift av fylkeskommunen i tida framover. Parallelt med dette skal vi i fellesskap medverke til oppbygginga av den nye Vestland fylkeskommune, seier Ingrid Holm Svendsen.

Ho starta som organisasjonsdirektør i Hordaland fylkeskommune i januar 2013. Frå 1. juni 2015 fekk ho og ansvar for økonomifunksjonen som ny fylkesdirektør for økonomi og organisasjon.

Kommunikasjonsdirektør 

Ingrid Holm Svendsen kom frå stillinga som kommunikasjonsdirektør i Tryg Forsikring, ein jobb ho hadde sidan 2000. Før det jobba ho som personalkonsulent (1994-98) og informasjonskonsulent (1998-2000) i den same verksemda. I åra 1992-93 var ho journalist i næringsavdelinga i Bergens Tidende. 

Holm Svendsen er siviløkonom frå Norges handelshøyskole. Utdanninga hennar omfattar også Høyere avdelings eksamen i administrasjon (NHH), høyere forsikringseksamen (Forsikringsakademiet/BI), masterprogram i informasjon og samfunnskontakt (BI) og nettpublisering (HiB).

Byrjar 14. juni

Ingrid Holm Svendsen byrjar i stillinga som fylkesrådmann torsdag 14. juni.